
ta kontakt med henne på mail for mere info eller avtale om å se på...bilene...

aashild84@gmail.com
"Den beige/chinchillafarga 68´en er vel den som er nærmast å koma i kjørestandard. Motoren er tatt ut, og står lagra inne, den er tatt ut for å setta inn ein gjengeinnsats for eine tennpluggen. Tennpluggen er grunnen til at bilen ikkje lenger er på vegen, det var ein bagatell som utvikla seg... Det balla jo på seg og så vart skjermar, stigtrinn og støtfangarar tekne av, for å pussa rust og evt omlakkera. Høgra bakskjerm må og bytast då den er bulka. (Det var derfor eg kjøpte 71modellen, fordi eg fekk med så mange ekstra skjermar, hehe..)
Bilen er dønn original (har aldri vore omlakkert heller!), med unntak av at tenninga er bygd om til elektronisk 12-volt og det er satt inn selar framme. Innvendig er bilen så godt som strøken, raude "fløyel"setetrekk, som er heilt intakte. Taktrekk er heilt og fint, det same er solskjermar og dørtrekk. Tekstilgolvmatter framme og bak.
Relativt lite rust, dei store overflatene er bra, men det er ein god del fregner på panseret, og ein del der skjermane skal skruast på, som du ser av bilda.
Skjermar, stigbrett og støtfangar har vore lagra innandørs, medan bilane har stått ute under presenning.
Skiltnr H-69830. Prisantydning 10.000,-
71modellen (den lyseblå) er i dårlegare stand, den vart som sagt kjøpt hovudsakleg for at eg trong nye skjermar til 68en, hehe... Det er ein del arbeid både innvendig og utvendig, men ikkje aldeles håplaust. Det er ein del rust rundt om heile på denne som du ser, og både dørtekk og dashbord treng stell.
Skiltnr TV 10159, prisantydning 5.000,-
Har og ein heil del ekstra delar, type dekk, skjermar og diverse eg ikkje veit kva er eingong..

Bilane står på Hylkje og kan sjåast når det måtte passa

[attachment=1][attachment=2][attachment=3][attachment=4][attachment=5][attachment=6]