eg trur motoren min blir for varm, kva gjer eg med det?

Har du noen gode tips eller triks å dele med dine luftkjølte venner? Eller har du et problem du ønsker hjelp til?

Moderator: Global moderator

Post Reply
User avatar
heljo
Seniormedlem
Seniormedlem
Posts: 498
Joined: Sun Sep 09, 2007 6:09 pm
Location: Lavik i sogn

eg trur motoren min blir for varm, kva gjer eg med det?

Post by heljo »

Eg har ein 69 mod 1300, med 1600 motor. Bakplata og motorlokket blir varmt når bilen står og går på tomgang, sjølv i dag i snøen. Så eg lurer på kva som bør gjerast, har nokre mistankar, men vil gjerne ha dei bekrefta.
Motorlokket er orginalt til 1300, burde eg hatt eit med kjøleribber?
Pakningen rundt motoren er dårlig, det er vel eit problem?
Eg trur det manglar nokre deksel under motoren, kan dette vere eit problem?
Eine varmerøret/slangen til forvaming av luftfilter er hol på, dette varmar nok litt opp, men er det heile eit resultat av alt eg har ramsa opp?

I tillegg har eg fått ein oljelekkasje på motoren, oppe på høgre sida, i svinghjulenden av motoren. Eg ser ikkje kor det lek, men det ryk godt der når motoren blir varm, ryk opp kjøleribbene under bakruta. Er det noko oljekjølar eller slikt som er montert oppe på den sida? Ser ikkje ut som det er støtstang-rør eller toppdekslepakning som lek.
FreddyB
Supermedlem
Supermedlem
Posts: 957
Joined: Wed Dec 19, 2007 6:05 pm
Location: Breim

Sv: eg trur motoren min blir for varm, kva gjer eg med det?

Post by FreddyB »

Manglande deksel = trøbbel i tårnet. Så begynn med det enkle - få på plass alle deksel.
Hadde då aldri trudd eg skulle kjøpe late-looker..
User avatar
heljo
Seniormedlem
Seniormedlem
Posts: 498
Joined: Sun Sep 09, 2007 6:09 pm
Location: Lavik i sogn

Sv: eg trur motoren min blir for varm, kva gjer eg med det?

Post by heljo »

nokon som har deksel som skal vere under 1600 motor? Treng ikkje vere strøkne!
User avatar
Tistlo
Ultramedlem
Ultramedlem
Posts: 4986
Joined: Mon Jun 23, 2008 3:21 pm
Location: Bulken, Voss, Hordaland

Sv: eg trur motoren min blir for varm, kva gjer eg med det?

Post by Tistlo »

Med 1600motor i 1300 bil so får motoren uansett for lite kjøling, løysing. lag deg ein klosse som bygger opp lokket i bunn eitpar cm. kan feks festast med patentbånd i den kroken der. evt skruast fast i bakerste blekk skruo.

ALT av blekk må vera tilstades+att pakningen må vera tett. ikkje domt å skifta den slangen heller.  oljekjølaren står på venstra sido. lek da frå han so får du masse røyk i bilen når varmen er på + at da vil ligga masse olja oppå blokka rundt bensinpumpa etc. så sikkert ikkje der da lek?

eg har alt av blekk liggande, men du må finna ut kva som manglar.
TLF: 97419035
User avatar
heljo
Seniormedlem
Seniormedlem
Posts: 498
Joined: Sun Sep 09, 2007 6:09 pm
Location: Lavik i sogn

Sv: eg trur motoren min blir for varm, kva gjer eg med det?

Post by heljo »

Tistlo wrote: Med 1600motor i 1300 bil so får motoren uansett for lite kjøling, løysing. lag deg ein klosse som bygger opp lokket i bunn eitpar cm. kan feks festast med patentbånd i den kroken der. evt skruast fast i bakerste blekk skruo.
Eller så kan eg vel sette på eit motorlokk med kjøleribber? Har eit liggande, men lyt lakkere det då.

Skal sjå om eg finn ut kva som manglar av blekk under motoren, så får vi sjå.
Last edited by Moshe on Fri Dec 09, 2011 3:50 pm, edited 1 time in total.
Post Reply