Eg har ein 69 mod 1300, med 1600 motor. Bakplata og motorlokket blir varmt når bilen står og går på tomgang, sjølv i dag i snøen. Så eg lurer på kva som bør gjerast, har nokre mistankar, men vil gjerne ha dei bekrefta.
Motorlokket er orginalt til 1300, burde eg hatt eit med kjøleribber?
Pakningen rundt motoren er dårlig, det er vel eit problem?
Eg trur det manglar nokre deksel under motoren, kan dette vere eit problem?
Eine varmerøret/slangen til forvaming av luftfilter er hol på, dette varmar nok litt opp, men er det heile eit resultat av alt eg har ramsa opp?
I tillegg har eg fått ein oljelekkasje på motoren, oppe på høgre sida, i svinghjulenden av motoren. Eg ser ikkje kor det lek, men det ryk godt der når motoren blir varm, ryk opp kjøleribbene under bakruta. Er det noko oljekjølar eller slikt som er montert oppe på den sida? Ser ikkje ut som det er støtstang-rør eller toppdekslepakning som lek.
eg trur motoren min blir for varm, kva gjer eg med det?
Moderator: Global moderator
Sv: eg trur motoren min blir for varm, kva gjer eg med det?
Manglande deksel = trøbbel i tårnet. Så begynn med det enkle - få på plass alle deksel.
Hadde då aldri trudd eg skulle kjøpe late-looker..
Sv: eg trur motoren min blir for varm, kva gjer eg med det?
nokon som har deksel som skal vere under 1600 motor? Treng ikkje vere strøkne!
Sv: eg trur motoren min blir for varm, kva gjer eg med det?
Med 1600motor i 1300 bil so får motoren uansett for lite kjøling, løysing. lag deg ein klosse som bygger opp lokket i bunn eitpar cm. kan feks festast med patentbånd i den kroken der. evt skruast fast i bakerste blekk skruo.
ALT av blekk må vera tilstades+att pakningen må vera tett. ikkje domt å skifta den slangen heller. oljekjølaren står på venstra sido. lek da frå han so får du masse røyk i bilen når varmen er på + at da vil ligga masse olja oppå blokka rundt bensinpumpa etc. så sikkert ikkje der da lek?
eg har alt av blekk liggande, men du må finna ut kva som manglar.

TLF: 97419035
Sv: eg trur motoren min blir for varm, kva gjer eg med det?
Eller så kan eg vel sette på eit motorlokk med kjøleribber? Har eit liggande, men lyt lakkere det då.Tistlo wrote: Med 1600motor i 1300 bil so får motoren uansett for lite kjøling, løysing. lag deg ein klosse som bygger opp lokket i bunn eitpar cm. kan feks festast med patentbånd i den kroken der. evt skruast fast i bakerste blekk skruo.
Skal sjå om eg finn ut kva som manglar av blekk under motoren, så får vi sjå.
Last edited by Moshe on Fri Dec 09, 2011 3:50 pm, edited 1 time in total.