Page 1 of 8
					
				T2`en Loffen
				Posted: Wed Sep 26, 2007 11:29 am
				by Sander
				I sommar skulle familien på avduking av kongestatuen i Skjerjehamn i Gulen. Planen var å reise med båt, men det laga seg ikkje slik så vi måtte finne eit alternativ. Eg foreslo derfor at vi skulle kjøpe ei campingvogn for eit par-tre tusen kroner. Som sagt så gjort,-kona på nett for å leite. Etter ei stund hadde eg gløymd heile greia, men då kjem det "Du Saaaander..." frå datakroken. Dette har eg høyrt tre gonger før, alle gangane var det beskjed om at ny son var i vente. Eg fortsod derfor fort at dette var alvor, og kom meg ut av stolen i "ein faderleg fart".
På skjermen såg eg ein baligul -75 modell Westfalia T2. Bilen skulle ho ha, og sidan eg har hatt mine eigne bobbler i mange år kunne eg ikkje godt nekte. Ideen var god den, særleg når ho hadde funne ut av dette sjølv.
To dagar etter bar det til Oslo for å hente bilen. Den var OK, med litt rust, men veldig heil og fin innvendig med skikkelig 70 tals innreiing. Turen over Hemsedal tilbake gjekk ikkje akkurat fort, - her var mykje som skulle stillast både på tenning og forgassar. Dessutan var det ikkje lading, så det var dårleg med lys etter ei stund. Småplukket er fiksa, og planane vidare er vell å få tatt ei renovering og få vekk rusta. Om det vert i vinter får vi sjå.
Og korleis det gjekk på festivalen????  Det vart båt til slutt likevel.......
			 
			
					
				Sv: T2`en Loffen
				Posted: Thu Dec 27, 2007 7:56 pm
				by Gaute(alutig)
				Hei Sander. Noen bilder av "loffen" på krankenhaus ? 

 
			
					
				Sv: T2`en Loffen
				Posted: Fri Dec 28, 2007 1:46 pm
				by Sander
				Det må vi klare, men alt er jo stengt for tida, og eg har ikkje nøklar. Taket er av, alle ruter ute, men det ser ikkje så verst ut.
			 
			
					
				Sv: T2`en Loffen
				Posted: Fri Dec 28, 2007 2:35 pm
				by Gaute(alutig)
				du skal ta den skikkelig skjønner eg.
heillakkering? Eller er det for å få den helt tett?
			 
			
					
				Sv: T2`en Loffen
				Posted: Fri Dec 28, 2007 3:44 pm
				by Sander
				Først og fremst for å få den tett. Bilen stod ute ei stund, og då var den våt både bak og famme, så dette er naudsynt. Store spørsmålet er om øvste delen skal lakkerast kvit og ta nedste delen til neste år, men det blir truleg heillakkering, med skifting av pakningar etc. Har nop installert gassvarmar med brennar og eksos på skikkelig vis, med termostat og 10 kgs flaske. Steikeovnen er skififta og kjøleskapet verkar, så dette vert stor luksus. Nytt telt kom i posten, så no kan 2de etage snart takast i bruk også.
			 
			
					
				Sv: T2`en Loffen
				Posted: Tue Feb 12, 2008 11:00 pm
				by Gaute(alutig)
				kor det går sander? nokke framdrift på bussen?
			 
			
					
				Sv: T2`en Loffen
				Posted: Wed Feb 13, 2008 1:17 pm
				by FreddyB
				Ah, dette er ein godbit, gitt..  

 Sei i frå om du nokon sinne skal kvitte deg med den! Så får eg jobbe litt med økonomien i mellomtida..
 
			
					
				Sv: T2`en Loffen
				Posted: Wed Feb 13, 2008 10:53 pm
				by Sander
				Framdrift og framdrift. Alt av vindauge er ute, taket av og det ser ikkje så verst ut. Det verste er framme rudt ein vinduspussar, der det må sveisast litt. Hola etter dei gamle sidelysa skal sveisast igjen og så er et litt rust nede på ei dør, ellers er det meste småplukk. Vi diskuterer om vi skal ha øverste del av bilen kvit, mn truleg vert det å halde på den kule gule fargen, som er original. Ellers er taket nylakkert. Skal prøve å legge ut bilder i morgon.
Regenstadt meiner nok at det bør på Rader og senking, noko eg forsåvidt kjem til å vurdere. Kva skal ein rekne med for noko slikt av kronasje?
			 
			
					
				Sv: T2`en Loffen
				Posted: Thu May 01, 2008 7:34 pm
				by Sander
				No er her litt framdrift. Det vart litt meir enn småplukk. No er fronten under skifting, då det vart vanskelig å lage nye vindusrammer og "pupp" til vindusviskar. Nye fronten er NOS frå Brasil og må bearbeidast litt, men skal være bra. Om nokon har behov for nedre del (under luftinntak) er det berre å komme med eit bod.
[attachment=1]
			 
			
					
				Sv: T2`en Loffen
				Posted: Thu May 01, 2008 8:44 pm
				by Gaute(alutig)
				Dette blir nok topp Sander!
Glad eg ikke begynte på dette..
			 
			
					
				Sv: T2`en Loffen
				Posted: Thu May 01, 2008 11:22 pm
				by Sander
				Ta gjerne ein tur bortom for å kvalitets-sikre arbeidet. Ser brutalt ut med heile fronten vekke, men du ser kanskje at dørkar o.l. ikkje er så gale. Truleg har det starta med ein lekkasje i vinduspakningen, og fått litt tak. Bortsett frå sjølve vinduslista er det ikkje alvorlig rust, men "det må til". Like godt å gjere det ein gjer skikkelig, og heller vente med det ein ikkje har råd/kunnskap til.
			 
			
					
				Sv: T2`en Loffen
				Posted: Sat May 03, 2008 8:52 am
				by Gaute(alutig)
				Tror ikkje eg skal bort der å svinse åleine, men eg blir gjerne med deg en tur bortom en gang
Alt ser jo veldig bra ut bortsett fra plata under frontruta 

 
			
					
				Sv: T2`en Loffen
				Posted: Mon May 05, 2008 7:10 pm
				by Sander
				Den er OK no, og ny front komen på. Tinna i skøyten. Tok litt rust nede ved hjulboge bak, og det såg  bra ut bak. Må skifte litt også på stigtrinn på eine sida, og arbeidet med vinduslister i gang. Håper å være klar til Bug-out. 
			 
			
					
				Sv: T2`en Loffen
				Posted: Tue May 06, 2008 10:16 am
				by Solan
				Kanon hvis vi ser deg på Bug Out, vi trenger flere bay på treff!  

 
			
					
				Sv: T2`en Loffen
				Posted: Tue May 06, 2008 10:23 am
				by Gaute(alutig)
				godt det er noen som har litt driv i prosjektene sine..