Page 1 of 2
nokre spørsmål om T1 68-
Posted: Sat Jan 24, 2009 1:08 pm
by heljo
Eg lurer på et par ting om bobla mi, 71 mod 1300, håpar nokon kan svare.
-Bremsevæske skal vere DOT 3 i følge boka, men DOT 4 er vel berre etterkommaren, så det går vel bra?
-På gasspedale er det ei lita fjør som er tvinna rundt akslingen. Skal det være to lange endar på den, ein opp på baksida av pedalen og ein ned i golvet? Eg har 3 pedalsett, alle har berre den opp bak pedalen, og eg får ikkje pedalen til å halde seg i rett posisjon. Fann ikkje noko godt bilde i Haynesboka. Nokon link til korleis det skal sjå ut?
-Smør de noko på gjengene på bremserør ved montering? Røra var ikkje gamle, men fekk dei ikkje laus att frå hjulsylindrane bak, måtte til slutt ødelegge røra for å få skifta sylindrane.
Sv: okre spørsmål om T1 68-
Posted: Sat Jan 24, 2009 2:54 pm
by Tistlo
Fjøra på pedalen skal ha ein lang og ein kort ende, det skal vera 90grader vinkel på den korte enden. Den lange enden skal opp langs pedalen, medan den andre enden skal ned mot golvet... Då eg fikla med dette på pedalane til 69en, så hadde det trilla ut av hovudet mitt, att den vetle fjøra ikkje skal gje motstanden på pedalen, for det er det fjøra på gassaren som sørger for! Denne vetle fjøra er nok berre der for att ikkje pedalen skal ligge og slenge...

Sv: okre spørsmål om T1 68-
Posted: Sat Jan 24, 2009 3:57 pm
by Moshe
Et lite utsnitt fra partskatalogen...

Sv: okre spørsmål om T1 68-
Posted: Sat Jan 24, 2009 5:09 pm
by heljo
då manglar det ein lite 90 grader på alle pedalsetta mine. Typisk, når eg endelig hadde montert eit i bilen.
Sv: nokre spørsmål om T1 68-
Posted: Sat Jan 24, 2009 6:51 pm
by heljo
forresten Moshe, kor finn du dei der bilda? Eg var på jakt etter et slikt sjølv før eg spurte her.
Sv: nokre spørsmål om T1 68-
Posted: Sat Jan 24, 2009 7:16 pm
by Moshe
Det er den gode gamle delekatalogen man kunne kjøpe på Teigland før i tiden...

Sv: nokre spørsmål om T1 68-
Posted: Sat Jan 24, 2009 8:25 pm
by heljo
Aha, ingen link til noko på nettet altso. Dumt, men sant.

Sv: nokre spørsmål om T1 68-
Posted: Sat Jan 24, 2009 8:35 pm
by Moshe
Litt tung å bla i, men bedre enn ingenting...?
http://www.vw-classic.net/pcat1200/index2.html
Ja, det ligger jo en del saker i margen til venstre her...
http://www.vw-classicparts.de/
Sv: nokre spørsmål om T1 68-
Posted: Sat Jan 24, 2009 8:40 pm
by heljo
Den var jo grei den! Litt tung for ein som ikkje kan tysk, men eg fann faktisk bilde av pedalane ganske kjapt. Tysken kan jo berre bli bedre og viss eg brukar denne. Takk skal du ha.
Neste spørsmål er kor eg kjøper fjøra, fann ikkje i hot shop eller dalhems katalog.
Sv: nokre spørsmål om T1 68-
Posted: Sat Jan 24, 2009 8:43 pm
by Moshe
Sv: nokre spørsmål om T1 68-
Posted: Sat Jan 24, 2009 8:56 pm
by heljo
Der fann eg ja. Får sjekke om nokon i norge har den, eg har aldri handla frå utlandet, og startar ikkje med kun den der iallefall.
Sv: nokre spørsmål om T1 68-
Posted: Sat Jan 24, 2009 9:56 pm
by Tistlo
Sist eg kjøpte, kosta den 10kr hjå unneberg

Sv: nokre spørsmål om T1 68-
Posted: Sun Jan 25, 2009 5:01 pm
by heljo
Og sist eg handla med Unneberg, gav eg opp etter 2 månadar med venting. Eg bestillte hjulsylindrar bak, og overhalingssett til kaliparar framme på boble 68-, og dei klarte ikkje å levere det! Dalhems leverte på 3 dagar, så no blir det min leverandør, trur eg.
Sv: nokre spørsmål om T1 68-
Posted: Thu Feb 05, 2009 12:26 pm
by heljo
No er gasspedalen ordna, Sune hadde pedalsett, så den er grei.
Men nytt spørsmål: Kva brukar de som pakning mellom bensintanken og karosseriet? Eg ser det ligg noko tynn filt-lignande greier der no, men kor får eg tak i det her i området?
Sv: nokre spørsmål om T1 68-
Posted: Thu Feb 05, 2009 2:57 pm
by Jon T
Jeg har ingen ting mellom tanken og karosseri, og det er orginalt?!