er vel på tide å oppdatere tråden sin litt igjen..
Bilen har vert på lagring i vinter, men eg har no dilla litt med den uansett.. :p
Det første eg gjorde var å bygge meg ein slags midtkonsoll. Denne har eg laga i nøyaktige samme måla som bambushylla som stod der.
Eg har også brukt samme festa som bambushylla. Dette gjer at dersom eg vil ha det vekk og tilbake til orginalen så er det 4 enkle skruer så er det ut med dette og inn med bambusen igjen..
Heile grunnen til at eg lagde dette var for å finne ein plass til cd-spilleren + eit varmeanleggs prosjekt eg holder på med (det kjem seinare)
[attachment=1]
Så mekka eg meg ei hattehylle bak..
Denne har eg og laga slik at den er lett å fjerne. Eg har ikkje bora nokon hol eller ødelagt noko orginalt for å få det til. under hylla ligg der ein liten forsterker som driver dei 2 6*9'ane som er på bildet.
Minibobla på bildet er eit lite sideprosjekt eg har funne på.. Tenkte eg skulle strekke opp slik at eg fekk led lys i front og baklyktene på modellen. Desse skal då etter planen reagere på same måte som lysa på bilen.
Bremser eg, så kjem bremselysa på modellen på osv..

Skal bli litt tøft å sjå om eg får det til..
[attachment=2]
Til slutt så hadde eg jo det problemet at frontlyktene mine hadde dårligare lys med fult langlys på, en mopen min hadde med parklys...
Eg har då bestilt meg 2 nye frå USA i vinter. Dette er orginale Hella lykter og med "moderne" pære.. Fekk ein del betre lys med dei.. :p
[attachment=3]
Neste på programmet no er å polere litt igjen.. Har funne noko "rub" som eg tenkte eg skulle bruke for å friske opp igjen litt..
I tillegg så holder eg på å lage eit varmeanlegg som primært skal blåse varmluft på rutene for å hindre dugg.. Eg kjem til å bruke orginale lufterøra, men lager ein liten fiffig patent med noko luker for å få det til..
Jobben no går i å få det til utan å ødelegge noko orginalt og gjere det lett å fjerne igjen. :p
Det var ein liten oppdatering på mi boble
