Bobla kjøpte eg av Tommy (T1) for ca ein mnd sidan no og har småfiksa på den litt heile veien.
Gammel byggetråd http://www.forum.vwacb.com/index.php?topic=3958.0
Eg har ikkje så mykje erfaring med å skru på biler, men eg tenkte at skulle eg først lære meg det så var boble tingen å begynne med.
Heldigvis fekk eg litt starthjelp av Tommy slik at eg kom meg i gang.
Etter å ha havarert 2 ganger på vei heim med bobla var virkelig skepsisen til stede.
Endte med at eg måtte få slep mesteparten av veien. :-[
Eg mistenker at grunnen var at batteriet var heilt dødt i det eg la avgårde.
Dette har eg no fått lada og sett i bilen igjen. Sidan det ikkje er skilter på bilen så har eg ikkje fått prøvt det skikkelig,
men det virker betre no.
Eg fant og ut at vindusviskerane ikkje virka. Dette viste seg å vere at dei rett og slett var rusta fast.

Godt med rustløyser, en stålbørste og litt rå makt så kom det seg. Virker som det skal no.. :p
Eg har og fått bytta det ytre styreleddet på venstre sida. Eg fekk då også justert hjulstillinga betre (skreva jo som F).
En må jo på verksted for at den skal bli 100%, men det er i vert fall MYKJE betre..
Eg har også gått over bilen og leita etter rust. Heldigvis har eg ikkje funne så mykje. Fant litt overflate over venstre demper og i reservehjulsbrønnen.
Dette har eg fått pussa ned og lagt på stoff og lakk..
MEN... Der var meir.. Pga eit sprukke bremserør så har det komt bremseveske inn i kupeen og ned på golvet på førersida. Eg veit ikkje kor lenge dette har vert der,
men golvet er i veldig dårlig fatning. Det er også komt eit lite hol i det, så dette må byttast. Planen min er å ta dette i vinter.. Må berre finne nokon som kan sveise det for meg..

Bremeserøret skal eg på verksted å bytte i neste veke. Tar då samtidig ein EU kontroll og hjulstilling. Eg håper då å få skilt på bilen så en kan få køyrt litt..

Eg tok å kjøpte meg "How to keep your volkswagen alive. A manual of step by step precedures for the compleat idiot" slik at eg har noko å søke etter hjelp i når eg ikkje finner ut av ting.
Synest tittelen var passande.. :p
Alt i alt er eg veldig fornøgd så langt. Eg veit jo tross alt ikkje kva eg driver med..
