Eg skal bygge om "Billo" mi fra manuell-gir til automat-gir. Dette fordi eg er lam og skal montera håndgass/brems og litt diverse...
Eg trenger derfor heile oppsettet fra ei Automatic Boble.
Etter det eg har lest meg opp til så er det muligens forskjell på oppsetta på 68mod-70mod, 71mod-72mod og 73mod-79mod (?).
Noken som veit om det har noko spesielt å sei kva modell eg henter dette fra? Rekner med at det er tilsvarande forskjellar på vanlige manuell-gir Bobler, så om det er håplaust eller veldig vanskelig å bruke girkassane/oppsetta på tvers av desse modellane så hadde det vert godt å visst før eg handler

Bobla mi er ei 1300 66mod som kommer til å få ein 1.6 motor. Eg veit at ikkje Automatic kom før i '68, men eg liker bedre denne modellen og det er denne bilen eg hadde fra før eg blei lam. Derfor må det bli konvertering av denne

Eg har fått kontakt med ein i nærheten som muligens har alt fra ei Automatic Boble, men sjølve kassa er knust...
Har også fått nummeret til ein på Øst-landet som skal ha alt komplett, men håper i utgangspunktet på å få tak i dette her i nærheten av Stord (Bergen - Haugesund)
Så om noken har liggande alt eg trenger eller ei kasse i god stand til ein grei pris, så blir eg glad. (Har ein del 1300 68mod deler også, om det er aktuelt med bytte).
Har starta ein tråd i Ønskes Kjøpt på dette også:
Automatic girkasse (gjerne komplett med stag, pedaller osv)
Takker masse for råd og erfaringer og for all hjelp eg kan få!
