GSR e på tur igjen! Kor trur de? Oslo igjen. Denne gong med eit formål. Henting av ny bil te GSR-familien. Eldste sonen vil bli med på leiken, så me reiste for å sjå på/hente ein 65-modell med MASSE godt arbeid. Annonsa og infoen frå selgar var ikkje heilt god. Grei motor, men eindel rust, og mykje meir enn me var informert om. Prisen vart til slut ok, så me bestemde oss for å overta Magda. Mogleg det blir eit navnebytte sidan ei Magda alt rullar rundt i bydn.
Starta med
trøbbel utfordringar alt i Sandvika på veg til Sandefjord. Lukta brent, og all straum forsvant. Løyste seg når ein fekk rydda opp i noko mildt sagt uryddig (farlig) kabling som sjølvsagt førte til kortslutning og stopp. Fekk låne garasjejekk av ein utruleg hyggeleg kar som stoppa med familien fordi han tidligare hadde hatt Variant. Fulgte han heim te garasjen og fekk kablar, kabelsko og alt me trengte. Fantastisk!

Vonar me snart ser han i miljøet igjen.
Medan eg låg under bilen og la opp nye kablar fekk me besøk av ein av deltakarene på Hurum rundt -cruisinga for eit par veker sidan

.
På motorvegen til Sandefjord svikta viskarane på "nye" bilen. Det skal fiksast imorgon før turen ber heimatt mandag morgon, så me slepp ferie/helge-rushet. Kjem meir bilete/info etterkvart. Blir vel ein prosjekt-tråd og ein ny medlem i klubben ein av dei fyrste dagane og tenkjer eg.
[attachment=1]
[attachment=2]
Vart spotta av KimSan på VWnorge litt seinare på dagen. Han var køyrd når me kom tilbake, så fekk ikkje sett på bilen hans, ser jo veldig bra ut.
[attachment=3]