Jepp! Kom frå "norom brunæ" og venta på grønt lys i krysset på Haukås mot Breistein. Kom ein kar i VELDIG god fart imot oss frå Åsane, meide ned lyssignal-stolpen og sikta rett mot oss. Trur ikkje han likte meg.
Me såg jo kva som skjedde, og fekk hivd oss litt fram og til høgre før han køyrde rett inn bakskjermen vår. Unngjekk front mot front iallefall. Han gav seg ikkje med dette, men fortsatte MOT køyreretningen på feil side av midtrabatten.
Han stoppa jo ikkje, så eg vart litt ilter

. Vrengte rundt og la meg på hjul etter han! Fekk stoppa karen ved fengslet (var jo passande

) og "pressa" han ut til sida. Han visste ikkje heilt kva som hadde skjedd, og var rimeleg omtåka. Politiet kom og fekk med seg fyren, og me sat igjen i ein godt bulka Mini.
NAF kom og henta Minien, og hadde med leigebil til oss. Han var jaggu ENNO mindre enn Cooperen, ein Peugeot 107. Køyrer no rundt med slagside.....det blir for mykje kake.
Fekk hjelp av kriseteamet på Shell (det vil sei ein dobbel burger+kaffi

) ,etterpå var det fint å roe ned med litt sveising og sjølvsagt; meir kake............ (takk Jonn-Stian!)
Helsing Geir, fast and furious!
[attachment=1]