Litt tilleggsinfo: Sidan forrige helg var 1. kurs (både for oss og Kemppi/Fossdal) var det mogleg å få til nokre endringar til denne helga. Trur difor dette kurset blir ENNO betre!
- Eg har bedt om at dei som vil skal få sveise TIG så mykje dei vil, ikkje berre på slutten av dagen. Då kan ein variere litt mellom MIG og TiG, og alle som vil får prøvd.
- Det blir enno meir aktivitet/sveising med fleire apparat i sving samstundes.
- Avanserte (og for oss uoverkommelege kostnadsmessig) sveiseteknikkar/apparat skal tonast ned, og det skal fokuserast meir på praktisk/enkel sveiseteori.
- Eg har informert Sindre (Fossdal) om at det hadde vore greit med litt info/omvisning i butikken. Dei hadde mykje "goodies" som det hadde vore artig å sjå litt på.
Hugs at dette tilbodet kjem ikkje igjen før tidlegast om eit par år! Vil du henge deg på eller ha meir info kontakt Geir på tlf 900 44 321 eller epost:
saeboe@gmail.com
Gledar meg til ei ny kurshelg!
