Det blir skikkelig "sveitser-look", altså hol i hol. Ikkje fordi det sparer så mykje vekt, men det er fint å ha noko å putle med. I tillegg ser det jo j...... rått ut!

Når det gjeld mi eiga vekt, har eg freista i 20 år å gjera noko med den. Det har heller ikkje vore billeg.
Trur det skal gå kjappare å reduserer vekta på bobla. Står eg på litt, går eg kanskje ned sjølv og. Berre fordelar her!
Det blir tilnærma originalt eksteriør, med nokre diskret "grep"/ombyggingar som ein må sjå litt ekstra for å oppdage. Har litt sansen for slikt. Det blir svære og sære hjul (ikkje Porsche). Racingstolar i knallfarge, semska ratt og mykje alu og floss/semska i interiøret. Tanken er å gjere ALT sjølv. Det vil sei: lakkering (leige boks), retting, sveising, ombygging av bremser/oppheng, interiør, osv osv blir "by Geir", men sjølvsagt innafor lovverket. Unntaket blir motor. Det blir som sagt turnkey. Blir uansett ikkje arbeidsledig........
Dei som er ekstremt oppteken av å ha det originalt blir anbefalt å lukke augene når dei passerer mine prosjekt.....
Snakka forøvrig med ein eg kjenner som meinte carbon-jaget var berre tull. Han hevdar at glassfiber i god/riktig kvalitet blir (nesten) like lett, og MYKJE billigare. Nokre synspunkt på dette?