Eg synes det er litt tungvint å orientere seg i "min bil" delen. Tittlane er ofte ikkje egna for å "vare", og det blir veldig mange trådar. Det hadde vore meir interessant om "alle" hadde sin eigen prosjekt-tråd, der dei i fyrste innlegget fortalde litt om seg sjølv og kva bilar/prosjekt dei har. Det blir jo meir "min garasje" enne "min bil", men det hadde vore veldig oversiktleg og greit.
Hvis ein i tilllegg vel ein enkel tittel med brukarnavnet sitt, så kan ein lett finne ut kva dei forskjellige held på med. Eg byrja på ein blogg, men det blir ikkje til at eg oppdatererer det. Her er eg ofte inne uansett, og det er lett å leggje ut litt tekst og bilete om kva ein held på med.
Dette var berre eit innspel, dei som vil får hengje seg på!
Det er ikkje så viktig kva punktet heiter. Min bil er sikkert innarbeida, og truleg mange som vil ha det slik. Det er meir bruken av det eg tenkjer på. Det kan like godt stå "Mine biler".
Ved å endre fokus frå bil til medlem blir det meir oversiktleg og ein blir betre kjent med dei ulike medlemmane. Det forutset sjølvsagt at medlemmane er litt opne med kva dei driv med, fornavn og kvar dei bur. Mtp. nye medlemmar er dette ein fin måte å bli kjent med BÅDE bilar og folk.
"Min bil" var opprinnelig ment som en arvtaker til vwacb.com's webside "Medlemsbiler".
Der var noen av medlemmenes biler (de som sendte inn bilder og tekst) presentert. Denne siden ble fjernet, når vi åpnet forumet, slik at hver og en kunne legge ut det de til en hver tid ønsket om sin(e) bil(er).
"Ulempen" med å gå over til forums form var at det dermed også ble åpnet for kommentarer (gode og dårlige, med eller uten relevans til tråden osv), så enkelte av disse postene er kommet ganske langt ut på viddene fra der vi var ment å være i utgangspunktet (Medlemsbilpresentasjonen).
Vi bør kanskje derfor se på oppbyggingen av disse sidene og prøve å ha en Prosjektavdeling (med masse kommentarer, spørsmål og svar) og en egen Min(e)bil(er) avdeling der en kan se på medlemmenes biler uten å måtte bla gjennom masser av kommentarer...? Kanskje en avdeling der en bør holde trådene låst slik at en slipper å administrere det for å holde trådene "rene"?
Tanken min bak den løsningen er i så fall at både medlemmer, og ikke minst ikke medlemmer, skal kunne se på biler for glede og inspirasjon til selv å gå i gang med VW-hobby i en eller annen stilart...
Høyres ut som ein god idé! Då bør kvar medlem (som er aktiv på forumet) ha ei garasjeside og ei prosjektside. Garasjesida vil då bli oppdatert sjeldan, og ikkje ha rom for kommentarar. Prosjektsida blir "bruks-sida" som oppdateres jevnleg der kommentarane kjem. Har eg forstått deg rett?
Bakdelen er at det blir to trådar. Det er jo eigentleg unødvendig. Så lenge fyrste innlegget blir oppdatert så vil det fungere som "mine biler/garasjeside", og så kan folk lese vidare om prosjekt/kommentarar om dei vil. Då vil det fungere som ein medlems-blogg som var min tanke.
Eg veit ikkje heilt, men det enkle er jo ofte det beste!
Jatakk båda två! Men det er lettast med ein tråd igrunn... Trenger ikkje garasje, når samme garasjen kan brukast som prosjektgarasje (evt når alle mine biler er prosjekter)
Synest det er greit som vi har det, også for å halde litt styr sjølv på kva tid ting er gjort, meir som ei dagbok? Kunne jo vært ein ide å stenge for innlegg under min bil for andre enn "eigar", men då får ein jo ikkje alle dei oppmuntrande innlegga.