Takk til alle som var med for ein FANTASTISK tur! Ikkje minst takk til Varianten som holdt ut dårlege vegar, "feil" sida av Jølstravatnet i noko høg fart (betre å flyge over alle dumpane enn å dette neri dei.......) og litt for heftig nedbremsing etter "fri fart" ned Romarheimsdalen. GPSen viste 562 (femhundreogsekstito)km/t, men eg trur han var litt forvirra av kraftledningane

Like etter hadde me 230 knop.............
Turen opp var utruleg fin. Florø var ei sommarperle, og eit helsekost-måltid; bernaise+bacon+biff og litt pote, vart innteke etterfulgt av ein lengre fjelltur i Florø sentrum. Sovna som ein stein i Atløys, og truleg norskekystens minste lugar. Kanonstilig! Vakna til Hurtigrutens ankomst. Betre start på dagen finns ikkje. Takk Sander!
Kona ville henge seg på etterkvart som ho skjønte kva ho gjekk glipp av, og tok hurtigbåten opp til Florø. Turen til Stryn gjekk strålande med ein merkeleg stopp i Byrkjelo, der me vart sendt ut av ein kafé fordi me var for mange

. Opp på fjellet og inn på Karistova istaden, til ostesmørbrød med tilhøyrande utsikt. Utsikten var best.
Nederlendarane var ein særdeles hyggeleg gjeng, og me fekk veldig god kontakt med fleire. Det vart utveksla mail-adresser og teke diverse bilete. Noko av det som gjorde mest inntrykk var eit par som hadde dradd med seg den tøffaste campingvogna eg har sett! (Sjå bilete lengre ned)
Ellers tok eg og kona turen om Dale i Fjaler for å besøkje Transplant. (
www.transplant.nu) Me hadde fått nyss om VW interesse, og vart møtt av ein grøn doka på utsida. Så med hjelp frå Varianten fekk me kjempegod kontakt og omvisning utanom opningstida. Tok diverre ikkje bilete der.
Mvh Geir
Bilete: