Page 1 of 1

Fargo FG-33, liten lastebil frå prosjekt via salgsobjekt til ferdigrestaurert

Posted: Thu Jan 05, 2017 1:59 pm
by Ivar
Dette blir litt kvasi-tråd.
Har hatt denne som 'prosjekt', men no er dagen komen då eg har innsett galskpen.
Så om det er feil plass, så kan moderator flytta tråden til O.T Kjøp & Salg...

Etter over 30 år i mitt eige, må eg bite i eplet og motvillig kvitta meg med denne flotte bilen.
Fargo er eit Chrysler produkt, med utspring i Detroit, men blei montert saman fleire andre stader. Dei fleste komponentane er felles med Dodge og Plymouth frå samme periode. Stort sett er det grill og radiatorkappe som skiller dei, utanom logoen.
Denne skal være 1. årgang med Fargo som blei montert ved «Den Norske Automobilfabrikk» på Kambo. 1937-1940 blei det satt saman 433 Fargoer her.
Etter rammenummeroversikten, så skal det ha blitt produsert 1327 1,5t lastebilar i 1938 på verdensbasis.

Litt om fabrikken:
http://www.moss-avis.no/kultur/kambo-va ... -1.3970545 
https://ostfoldmuseene.no/kambo-norges-detroit/

Midt på sida her er min bil, fotografert tidleg på 50-talet:
http://www.ekeland-transport.no/Historie.htm 

og litt meir frå nettet:
http://www.allpar.com/old/fargo.html
http://www.hcvc.com.au/forum/restore/15 ... -cwt-dodge

Her er ein som lager karosserideler med flott passform:
http://www.37plyguy.com/
Denne hytta ser heilt lik ut som mi.


Min bil har gått i Hardanger frå den var ny. Har fått kopi av det originale registreringskortet.
Bilen blei kjøpt som rullande objekt 16.05.86, tatt inn i hus og gradvis demonert dei neste 5 åra.
Motorblokka var frostsprengt, og det viste seg etter utallige forsøk, umulig å sveise. Då stoppa prosjektet opp.
Har no fått tak i tilsvarande motor, som skal kunne gå an å bygge opp igjen.
Bilen har tipp, driven av motoren. Kraftuttak på sida av gearkassen driver ein vinsj under hytta, som drar ein dobbel hjulgong under planet bakover, og presser opp planet. Snedig konstruksjon.
Etter det eg har funne ut, var dette den første lastebilen med motordriven tipp i Hardanger.
Motoren er ein sideventiler rekkeseksar på 248cuin, som er pålag 4,1liter og 90 hk.
Den er ikkje lik personbilane og kvartingane, men ca 8 cm lengre. Slag og boring, ventilar, fordelar, oljepumpe etc skal være samme.

I dag er bilen så godt som heilt nedplukka, og er for så vidt klar for sandblåsing.
På pluss sida vil eg framheva:
- Ny i Norge
- Kjent historikk
- Avskilta i 1966
- Nesten heilt komplett
- Svært lite rust
- Sofa er heil i trekket
- Åpningsbar frontrute med topphengsel
- Tipp
- Alle hjul roterer
- Instrumentene er i Km og heile
- Lette slitedeler å få tak i
- Repro rustskadedelar på ebay
- Ingen kollisjonsskadar
- Kun mindre bulkar, som fortel historia
- Har motor som kan bygges opp/overhalast

Så er det jo litt på jobbesida:
- Trenger nye sjaklar til fjørene
- Ei bladfjør framme er knekt
- Bremsar må overhalast 100%
- Motor må overhalast 100%
- Feil radiator (var montert Ford V8)
- Mangler panserfigur
- Treng nye ruter
- Treng nye reflektorar/lykteglas
- Rust i nedkant på hytta og dørene
- Rust i takrenna
- Trenger ny ‘karosseripapp’ inni (dør og taktrekk)
- Trenger ny plan, har alle beslaga

Når eg no vil selje denne flotte bilen, er det ikkje lett.
Eg er opptatt av at den får formidla ein historie, og ville aller helst sett den meir reparert en restaurert. Eg vil ikkje sjå at den ender opp som ein ihelkappa hotrod/ratrod.
Forbeholder meg derfor retten til å trekke salget, eller selge til den eg vil. Ikkje nødvendigvis høgaste bodet………

Etter mi vurdering, er dette eit overkommeleg prosjekt, både arbeidsmessig og økonomisk, og dessutan ypperleg til å transportera bobler & bussar med ;D
Eg kan vera behjelpeleg med å skaffe transport til hyggeleg pris.

Sv: Fargo FG-33, liten lastebil går frå prosjekt til salgsobjekt

Posted: Thu Jan 05, 2017 6:57 pm
by Henrik
Enten det er prosjekttråd eller salgstråd hadde jo et bilde eller to av prosjektet vært på sin plass  ;)

Sv: Fargo FG-33, liten lastebil går frå prosjekt til salgsobjekt

Posted: Thu Jan 05, 2017 8:07 pm
by Ivar
Henrik wrote: Enten det er prosjekttråd eller salgstråd hadde jo et bilde eller to av prosjektet vært på sin plass  ;)
Planen var å legge inn bilder, men denne teknikken...... :-\
Tar nye no, så dei kjem om ein strax

Sv: Fargo FG-33, liten lastebil går frå prosjekt til salgsobjekt

Posted: Thu Jan 05, 2017 8:20 pm
by Ivar
Seså!
Enda med å fotografera i albumet igjen

Her er då me slepte den frå Tørvikbygd til Steinsdalen i 1990
[attachment=1]

Der blei motor og gear tatt ut, og planet tatt av, for å få den i hus
[attachment=2]

Tung kladd denne motoren
[attachment=3]

Her er den komme inn, og akslingane skal av
[attachment=4]

Så er dei av, og delane blei sorterte
[attachment=5]

Sv: Fargo FG-33, liten lastebil går frå prosjekt til salgsobjekt

Posted: Thu Jan 05, 2017 8:31 pm
by Ivar
For i trigge lysta måtte eg jo nett stabla saman karosserdelane
[attachment=1]

Syntes fortsatt at dette er eit av dei flottaste lastebilane frå 30-talet :D

Så når ikkje blokka let seg sveise, blei den bokstavelag talt lagt på hylla
[attachment=2]

Der låg den i omlag ti år, til eg selde huset, og flytta til Askøy.

Den ligg fortsatt inne, men i noko trongare kår
[attachment=3]

Hytta med fronten imot, inne til høgre. Bakakslingen på høgkant midt på bildet

Litt vanskeleg å ta gode bilder under slike forhold
[attachment=5]

Det er fasinerande kor lite bulkar det er på den.
Der den pistasjeis-grøne malingen skallar, ser ein fortsatt den flotte mørkeblå originallakken.


Her er det sidene på panseret me ser

Sv: Fargo FG-33, liten lastebil går frå prosjekt til salgsobjekt

Posted: Fri Jan 06, 2017 11:35 am
by djupevik
Tøft! Hadde vore artig om vi fekk ta del i vidare reparajsjonar her inne, ein slik doning fortjener å komme på vegen igjen ein gang :thup :)

Sv: Fargo FG-33, liten lastebil går frå prosjekt til salgsobjekt

Posted: Tue Jan 10, 2017 3:05 pm
by Ivar
djupevik wrote: Tøft! Hadde vore artig om vi fekk ta del i vidare reparajsjonar her inne, ein slik doning fortjener å komme på vegen igjen ein gang :thup :)
Frykter at ingen av oss blir gamle.  ........sjølv om Tistlo hardnakka meiner at enkelte bilskrotingar kan bli 200 år........

Den er no havna på finn, med ikkje uteblitt respons. Kor den ender er ikkje avklart enno.

Sv: Fargo FG-33, liten lastebil går frå prosjekt til salgsobjekt

Posted: Sat Dec 19, 2020 4:57 pm
by Ivar
Hadde over 2000 treff på finn, første veka.
Bilen fann vegen heim att, til barnebarnet til ein som eigde den på 50-talet. Han driv også i transportbransjen, og hadde tilogmed originalskiltet frå 1954 i garasjen.
Lasset med deler blei sendt til profesjonell restaurerar på Tysnes, og har på kort tid gjenoppstått til fordums glans.
[attachment=1]
[attachment=2]
[attachment=3]
[attachment=4]

Sv: Fargo FG-33, liten lastebil går frå prosjekt til salgsobjekt

Posted: Sat Dec 19, 2020 5:00 pm
by Ivar
Tilbake på tunet til eigaren
[attachment=1]

Sv: Fargo FG-33, liten lastebil går frå prosjekt til salgsobjekt

Posted: Mon Dec 21, 2020 2:52 am
by Moshe
Nydelig!!! :thup

Sv: Fargo FG-33, liten lastebil går frå prosjekt til salgsobjekt

Posted: Tue Jan 19, 2021 12:08 pm
by VWACB
Fantastisk at den havnet tilbake til opprinnelig familie og i nyrestaurert skikk :thup

Sv: Fargo FG-33, liten lastebil går frå prosjekt til salgsobjekt

Posted: Thu Jan 21, 2021 7:55 am
by Ivar
Ja, føler at eg greidde å "berga" denne bilen, sjølv om andre måtte fullføra.
Er stolt av at den kom "heim". Annonsa på finn hadde respons på landsbasis, så marginen var liten.