snubla over nokon gamle bilder i "arkivet" og kom på at eg kunne suplera denne tråden med litt historie omkring bilen
den vart oppdaga ved hjelp av tips frå maskinisten i grimesvingane, som har hatt bilen som nabo i x-antal år utan å ta serlig grep om situasjonen

den stod fortumla i eit skur langs vegen og var fylt opp av bås. eigarskapet vart spora opp og da viste seg att han hadde vert nedgreven i fleire år. etter ein lang prosess kunne eg få overtatt eigarskapet via slekt og arvingar.. mykje att og fram for å sei da mildt. den har i sin tid gått som ein form for vaktmesterbil hjå den campingen som ligger i grimesvingane nede med vatnet, i tilleg trur eg eigar var over snitt intrisert i hest for da var eindel grusomme hesta klistremerker rundtomkring inni bilen som blei fjerna fortløpande.
hentinga gjekk greit ved hjelp av lånt kompressor frå svein autohaus. sidan bilen var låst og nøkkelen gone, blei bakruta poppa ut for å komma seg inn. rattlåsen måtte og bøta med livet.
[attachment=1]
[attachment=2]
[attachment=3]
[attachment=4]
[attachment=5]
etter å ha fått bilen heim til voss vart da fortløpande satt igang reprasjonar. full service på motor og skifta ut manglande og defekte deler. motoren starta kjapt meinar eg å huksa og, (hold your horses!

) den fekk full overgang på kjølesystemet med ny G12+ veska

jess, vatnkjølt og greier med ein villig 1.9 wasserboxer. vidare blei da gjort ein innsats for å gjera den klar for eu kontroll, bremsane blei gått over og overhalt kaliprane, pussa rust av skjever og tromlar osv, bensintanken måtte ned for å sveisa lufterøyra som lak som ein god sil, og forskjellige andre ting blei gjort. eg trur den var inn på eu kontroll og fekk ein mangellapp men huksar faktisk ikkje meir.
[attachment=6]
[attachment=7]
[attachment=8]
[attachment=9]
[attachment=10]