
Svært mange med bil som hobby, går for dei lekre, raske, blanke, dyre, kjente, populære etc, som er godt egna til å cruise rundt i, dei dagane været tillet det.
Så i motvekt til dette, er eg meir av den typen som synest bilane skal, kan og bør brukast til det dei var designa for. Slite og slepe, og yte sine tjenester trutt og trofast.
Det bærer vel eigntleg alle mine køyretøy preg av. Slagordet blir derfor det vanlege: "Vern gjennom bruk" Det er ikkje mykje som står seg i hel i alle fall.
Så i denne tråden vil eg presantere kåno sitt behov for hest.
Ho driv 'Bakstehuset på Ask' og dei som vil finn det anten på nett eller FB.
Denne hesten har stått på stall så altfor lenge, så då me fekk den på tunet i fjor sommar, var det ikkje mykje å skryta av. Mange nye karosseriplater var montert, men strukturen bakom var så godt som fråverande.
For dei som ikkje er kollosalt oppdaterte på franskmenn, så er det ein 1979 modell Citroen HZ, med 1600 motor og 39 hk, spreidd utover tre gir; 1., 1. og 3.
Den blei derfor 'kledd av' og innlevert lokalt her på Askøy for sandblåsing.
Då var det lettare å finna ut kor mykje meir som måtte erstattast. Det brukte eg all fritid på i haust og vinter, slik at eg fekk den på lakkering i påske-vinterferien i år.
No er den såpass klar, at eg hadde den på EU, og fått tatt den i bruk. Det er sjølvsagt ikkje alle detaljar som er ferdige enno, men det får eg ta litt på langs.
Kan hende nokon her inne allereide har fått den med seg, sidan eg køyrte 450 km sist helg mellom Bakeriet her heime og Matfestivalen i Bergen?
[attachment=1]
Sida er luke for å betjene kundane:
[attachment=2]
Her frå første turen, på Hanevikdagen 21. aug
Ved ein seinare anledning kan eg legge ut eit par bilete frå då det ikkje såg so kjekt ut.....kanskje.....