Er vel på tide eg lagar meg ein prosjekttråd på bilen eg fortida restaurerer i klubblokala til VWACB. Som fleire kanskje huksar, kjøpte eg bilen tilbake i 2008. Enda fleire huksar gjerne dei dristige valga eg den gang hadde tenk å iverksette på den ellers så litt sjeldne sorten av ein Oval. Den tid den sorg. Planane vart lagt på is, og det blei bilen og. Etter kort tid med litt demontering på ovalen, vart den satt på lagring til fordel for ein e30 M3 som eg no straks er ferdig å restaurere. Feil merke meinar vel VW-gjengen, dog var nok dette redninga for at bilen ikkje fekk rag-top tak og resto-stuk.
Bilen er altså ein 1957 T1 Standard. Oval Standard var aldri levert ny i Norge på denne tida. Dog vart eit fåtall eksportert inn til landet på 60-talet. Forskjellen på ein Standard kontra vanleg Oval er at denne har mekaniske wirer bremser, manglar lister langs sidene, setene er festa til gulvet med klemmer og vingemutrar, sparsommelig/ingen chrome detaljar, og fire-eika Standard ratt. Kort forklart var Standard modellen ei fattigmanns boble samanlikna med sine søsken. Dette skal bevarast i si simple heilheit på denne.
Etter mange års lagring heime i Sunnfjord, vart bilen frakta til mekkeplassen på Breisten seinhausten 2014. Planane for bilen er i dag heilt forandra. Bilen berer preg av ein påbegynt restaurerings jobb på 80-90 talet kor lakken er grovt nedslipt rundt baunt. Det har vert utført diverse sveisearbeid histen og pisten på dei typiske svake punkta. Kvaliteten på dette arbeidet er ikkje allverden å skryte av. Proriteten blir derfor å ta igjen dette, og flekklakkere der inngrepa vert gjort. Vidare vil eg forsøke å slipe lakken lett med finare sandpapir, og prøve å framkalle ein meir naturleg patina. Bilen skal restaurerast i fattimanns ånd, der mesteparten av sveisedelene lagast på eige initiativ. Senking og felgar høyrer også med. Den tvetydige overskirfta på prosjektet forklarar dette

Legger ved litt bilder tilbake frå 2008, transporten til Bergen i haust, og ellers av det nye livet den lever på Breistein.
[attachment=1][attachment=2][attachment=3][attachment=4][attachment=5][attachment=6][attachment=7][attachment=8][attachment=9][attachment=10]