Page 1 of 1

Bryllaupsbil med stil...?

Posted: Tue May 07, 2013 10:07 am
by McMyhr
Det er ikkje mykje eg kan skryte på meg, når det gjeld å planleggje det nært foreståande bryllaupet mitt... (22 juni 2013)
Det er heller ikkje så mykje av arrangementet eg ynskjer å planleggje, då oss menn uansett ikkje får "gehør" for vår kreativitet...!
Men ein ting skal eg bestemme; Nemleg val av bryllaupsbil! Vel...eg får ikkje heilt bestemme det heller... Fordi me skal køyre frå
kyrkja i lag med 4 forlovarar.

Hadde i utgangspunktet ein avtale med Morten sin Carmann Ghia, men det vert ikkje plass til kjole og hår i den, fekk eg så hatten passa :(

Derfor lurar eg på om det er nokon som kan låne meg ein buss i nokre timar... Viiinga skjer i Alversund, rett før StarBugs-lokalet.

(Dette høyrtest fælt ut. Bruden er faktisk fantastisk snill, grei og pen og alt det der, men poenget er; eg vil ha ein flott gamal luftkjølt
denne dagen, og ikkje noko fantasilaust fancy-smancy glis...)

Ventar i spenning!

Mvh. McMyhr
Medlnr. 15 VWACB