Page 6 of 7

Sv: Den store verkstadryddingen

Posted: Sun Jan 29, 2017 12:13 pm
by Tistlo
den esa di kan eg vera intrisert i, kor djupt er trauet på ho?

Sv: Den store verkstadryddingen

Posted: Tue Jan 31, 2017 11:28 pm
by Ivar
Då er essa reservert til Tistlo.  :thup

Edit; ......og levert

Sv: Den store verkstadryddingen

Posted: Fri Apr 07, 2017 2:38 pm
by Ivar
Påsken er her øyeblikk, og med den så er vårryddinga i gong.
No når snøen er borte, så dukker det mest utruliga opp. Denne gongen er det ein traktorgravar som må bort, etter nesten 20 år.
Når sant skal seiast, så er jo ikkje denne inne på verkstaden. Den pleier å stå på utsida.
Men ved fleire anledningar når eg har rydda inne på verkstaden har den likevel vore sentral i prosessen......

[attachment=1]

[attachment=2]

[attachment=3]

[attachment=4]

Som det trente auge ser, så snakkar me her om ein Fordson Major Diesel frå tidleg 50-tal, med påmontert Hamjern 200 gravar bak, og Vossavinsj framme.
Sistnemde er delvis fråkobla.

Elles teknisk stand;
- startar
- køyrer
- graver
men:
- ladar ikkje
- lyser ikkje
- bremser marginalt
- er ikkje oljetett
- slepper lufta ut bak

Når eg no snart er ferdig med jorddungen på bilda, så har eg ikkje behov for den lenger. Trur eg....
Så då blir den ledig på den frie marknaden.

Eg vil påberopa meg retten til å;
- trekke den frå salg
- selga til kven eg vil
- til den prisen eg vil
- forkasta alle tilbod
- å forlanga lapp med heimante om at kjøpet er OK

Siste punktet er basert på eigne erfaringar ::)

Tipset er likevel å by mest, og henta når det passar meg ;)

Sv: Den store verkstadryddingen

Posted: Wed Nov 08, 2017 6:13 am
by Ivar
120 dager igjen.
Er ikkje so flink med denna ryddinga.

Traktoren er i alle fall seld, men ikkje levert.

Rydder inne på verkstaden igjen, og denne gongen er det eit lass med hyller til stålreol som vert gjevne bort. Eg visste ikkje at eg hadde dei ein gong.
Det er omlag 20-30 stykker. Måla er 30x95 cm og 40x95 cm.
Har ikkje skinnene som skal på veggen.
Dei er opprinneleg gråmalte, men er noko patinerte etter å ha vore lagra i snart 20 år.

Desse er det berre å komme å hente. Dei er lasta opp på tilhengaren, klargjort for siste reis.......

[attachment=1]

Sv: Den store verkstadryddingen

Posted: Wed Nov 08, 2017 6:48 pm
by Tistlo
eg kan kjøpa stålreolane dine:)

Sv: Den store verkstadryddingen

Posted: Sat Nov 11, 2017 7:03 pm
by Ivar
Den er grei. har lite av veggskinner, men dei er vel std?!?
Når er du forbi? Dei er komme på hengaren, men kan lett plukka dei utav igjen :thup

Sv: Den store verkstadryddingen

Posted: Wed Nov 15, 2017 3:37 pm
by Ivar
Tom heilflaske for Argon byttes i to fulle heilfasker Baileys snarast. ;D


Edit;
Dette er ei 'eigeflaske', utan årlig kostnad, levert av anerkjent leverandør av gass. Produsert des. 1993, og kontrollert sist i 2003?!?
Tilsynelatande i svært god stand.

Ingen???

Sv: Den store verkstadryddingen

Posted: Fri Nov 17, 2017 2:43 pm
by Solan
"Heilflaske" Argon (dekkgass til MIG, antar jeg...?), vil det si et type 150 cm høyt "beist" med atskillig vekt og høyt tyngdepunkt? Eller en mer folkelig og flyttbar variant?

Sv: Den store verkstadryddingen

Posted: Sat Nov 18, 2017 6:38 pm
by Ivar
Den er av typen voksen ja. Står 50liter.
Så den er nok 150-60 cm.
Har vore til rustfri mig sveising av ein tidlegare eigar. Denne er utan den moderne chip'en på halsen, så den er nok uregistrert hos leverandør.......

Sv: Den store verkstadryddingen

Posted: Mon Nov 20, 2017 12:52 pm
by Solan
Ok, da blir den for stor for meg (hvis det er lov å si...) :)

Sv: Den store verkstadryddingen

Posted: Thu Nov 23, 2017 7:56 pm
by Ivar
Ingen?!?

Verkeleg ???

1/2 pris då? Ei Baileys.....

Sv: Den store verkstadryddingen

Posted: Fri Nov 24, 2017 1:00 am
by hans
henter den for ei flaske bailey jeg. kan jo ikke la folk tørste etter kaffe likør ?

Sv: Den store verkstadryddingen

Posted: Fri Nov 24, 2017 9:57 am
by Ivar
Pjuh! No blei eg letta!
Har så vondt for å tru at eg samlar på ting som absolutt ingen andre kan tenka seg å overta :-\

Så litt i kaffien, no før jul blir bra ;D

Når vil du hente? Har utandørs julemarknad på søndag (https://www.facebook.com/events/300302903787259/), så rimeleg hektisk denne helga, men kan jo sette den fram.....

Sv: Den store verkstadryddingen

Posted: Fri Nov 24, 2017 6:23 pm
by hans
er litt travel i helgen da vil skal overraske en av ungene med nytt rom. så om du ikke snubler i den kan vi kanskje ta det i slutten av uken/neste helg ?

Sv: Den store verkstadryddingen

Posted: Mon Nov 27, 2017 9:04 am
by Ivar
Det går heilt fint. i verste fall må den stå utomhus, då eg håper på å få plass til båten inne snart......