Trabant
Posted: Mon Jun 11, 2012 9:08 am
Videresender ei melding eg fekk. Har de interesse.....ta kontakt;
Eg har forstått at du er interessert i gamle bilar - særleg tyske bilar.
Familien min og eg har i mange år vore interessert i tysk kultur. Vi snakkar bra tysk og eldste dotter vår har kjøpt seg ei lita leiligheit i sentrum av Berlin der vi er fleire gonger for året. Vi har mange vener frå aust og i eit svakt øyeblikk blei det til at vi kjøpte oss ein gammal Trabant som vi fekk importert til Norge og har brukt ute på Reksta. Vi trengde transportmiddel der til Rognaldsvåg då kommunen la ned båtstoppet i Larsvika. No skal bror min ta over det vesle gradsbruket der ute, og då innser eg at vi må kvitte oss med denne spesielle bilen som tek plass på løa vår. Det siste året har bremsene vore dårlege, og eg har ikkje brukt bilen på litt over eitt år. Ved EU-kontrollen bestemte eg meg for å avskilte han. For no tek vi med bilen vår her i Florø på båten til Rognaldsvåg og har ny bil der ute medan vi har ferie.
Ville du vere interessert i å kjøpe denne gamle kultbilen? Eller kjenner du nokon som ville vere interessert? Om ca 5 år er bilen også veteranbil. Denne biltypen er no blitt svært etterspurd i Tyskland der dei har mange klubbar og t.d. har oppretta billøp med den i Berlin. Eg ønskjer ikkje å tene pengar på bilen, men eg har lagt ut kr 25000 for han ( innkjøp, importavgift, registrering..) og ville bli glad for å få dekka dette. Men det viktigaste er at bilen får ein eigar med kjærleg omsorg som held han ved like og som vil få glede av han.
Ta kontakt om eg skal formidle kontakt!