Page 1 of 4

Bobbla mi

Posted: Tue Sep 18, 2007 10:06 pm
by Sander
Etter 15 år i bobble (først ein 1300 frå 18 årsdagen, så ein 1200, deretter 1303S og 8 mil dagleg pendling i mange år og til slutt ein 1302 LS som var eit mareritt) og nokre år pause starta eg for 5 år sidan igjen jakta på "bilen".

Ein raud 1303 cabriolet har alltid vore draumen, og helst ein Karmann. Helst skulle bilen være original, både felgar, seter, lakk og motor. Mange fine bilar var å sjå, men fann aldri den rette. Leita i Norge og Tskland, men vart advart mot tyske bilar som ofte var i dårleg stand.

Så ein dag rett før påske i 2005 kom BILEN på finn. 8) Ein original 1303 Karmann stod i Haugesund. Prisen var stiv, men etter litt att og fram kom vi fram til pris. Eg måtte bestemme meg fort, og konsentrerte meg om referanse på selgar i staden for bil. Ein kompis i Haugesund sjekka opp, og det meste verka OK. Nokre dagar etter tok eg turen for å hente, forberedt på å snu med uforetta sak.

[img][img]Etter 15 år i bobble (først ein 1300 frå 18 årsdagen, så ein 1200, deretter 1303S og 8 mil dagleg pendling i mange år og til slutt ein 1302 LS som var eit mareritt) og nokre år pause starta eg for 5 år sidan igjen jakta på "bilen".

Ein raud 1303 cabriolet har alltid vore draumen, og helst ein Karmann. Helst skulle bilen være original, både felgar, seter, lakk og motor. Mange fine bilar var å sjå, men fann aldri den rette. Leita i Norge og Tskland, men vart advart mot tyske bilar som ofte var i dårleg stand.

Så ein dag rett før påske i 2005 kom BILEN på finn. Ein original 1303 Karmann stod i Haugesund. Prisen var stiv, men etter litt att og fram kom vi fram til pris. Eg måtte bestemme meg fort, og konsentrerte meg om referanse på selgar i staden for bil. Ein kompis i Haugesund sjekka opp, og det meste verka OK. Nokre dagar etter tok eg turen for å hente, forberedt på å snu med uforetta sak.

Med ein gang eg sette meg i bilen visste eg likevel at dette var bilen, og det var strake vegen til Florø. Turen gjekk utan problem. Denne bilen var importert til Norge ca 95, og gjekk lenge i Oslo og Drøbak før den havna på rett side av langfjella. Etter sertikatet frå Wolfsburg vart bilen llevert kvit, men den var omlakkert til Tornado red i -85. Denne lakken er framleis svært bra, og rust klarer eg ikkje finne.

På slutten av sommaren 05 rauk ein eksosventil, og de vart ein del prøving og feiling på tenningssida før eg fann ut av problemet. Motoren ut, og skifte. Samstundes vart ein del andre ting gjort, både kosmetisk og slitedelar. Sidan er bilen brukt gjennom sommaren i fint vær, og siste langtur (og første til VWACB) var til utstillinga på Sartor no i haust. På turen nedover hadde eg ein Maserati bak meg ein halvtimes tid, så det er ingenting i veien med futten.

Om nokon har ei god adresse for eit godt teppesett til bilen er eg glad for det. Teppa som no sit i har ikkje heilt passforma, og lurer på om filt er eit alternativ. Råd?

Sv: Bobbla mi

Posted: Tue Sep 18, 2007 10:44 pm
by Moshe
Heisann, FIN BIL!!!

Jeg har nettopp byttet tepper i min. Jeg bestillte "Sure Fit" tepper fra West Coast Metric.
De var helt knall  :)

http://www.westcoastmetric.com/
Du finner de under interiør på side A54.
Det står at settet består av 7 deler, men til 1303 cab består det av 9 deler...
Alle like godt tilpasset, med sydde kanter og med plastforsterkinger der det trenges.

Lykke til videre med bilen  ;D

jonn-stian

Sv: Bobbla mi

Posted: Tue Sep 18, 2007 11:34 pm
by Sander
Er det tepper eller filt du har? Ser at dei også har filt, og forestiller meg at det er meir originalt. Limte du fast  ???

Sv: Bobbla mi

Posted: Tue Sep 18, 2007 11:37 pm
by GreenBug
Teppe er hvertfall finest spør du meg :)

Sv: Bobbla mi

Posted: Wed Sep 19, 2007 12:39 am
by Moshe
Sander wrote: Er det tepper eller filt du har? Ser at dei også har filt, og forestiller meg at det er meir originalt. Limte du fast  ???
Jeg har teppe, med løkker, koksgrått... og limte det med kontaktlim på spray (3M tror jeg).
... og det ble jækla bra...  :P

Sv: Bobbla mi

Posted: Sat Sep 22, 2007 11:49 am
by Sander
Legger du plater under eller rett på karroseriet?

Sv: Bobbla mi

Posted: Sun Sep 23, 2007 11:55 pm
by Moshe
Sander wrote: Legger du plater under eller rett på karroseriet?
Jeg har lagt teppet rett på karosseriet. Støy er ikke noe tema i en 1303 cab, og jeg liker dårlig fuktighet som samler seg under asfaltplater eller lignende...

:) js

Sv: Bobbla mi

Posted: Thu Nov 01, 2007 10:52 pm
by Jon T
Jeg ville limt teppet på kanalene og torpedoveggen, men i dørken er det greit å bare ha det løst i tilfelle du får vann i bilen. da er det greit å lufte de litt..

Sv: Bobbla mi

Posted: Sat Nov 03, 2007 12:41 am
by Moshe
knurren wrote: Jeg ville limt teppet på kanalene og torpedoveggen, men i dørken er det greit å bare ha det løst i tilfelle du får vann i bilen. da er det greit å lufte de litt..
Jeg har lagt ørlite lim i bunnen også slik at det ikke sklir - men bare litt, slik at det er lett å løsne i tilfelle....

Sv: Bobbla mi

Posted: Wed May 14, 2008 7:17 pm
by Sander
Ny tur i helga, også denne gongen over fjellet. Hugsar ikkje kvar eg la inn bilder frå tur til Voss (over Vikafjellet), men frå no av får dette være "dagbok" for bilen. Var på Balejazz med fruen i helga, og hadde ein strålande tur frå Florø via Førde og Sande over Viksdalen og Gaularfjellet. Strålande vær og tørre veier. Totalt ca 35 problemfrie mil.

[attachment=1]

Sv: Bobbla mi

Posted: Wed May 14, 2008 8:00 pm
by FreddyB
Neste gang anbefalar eg deg turen over Holsen, Rørvikfjellet og til Eldalsosen i staden for å køyre om Sande, Sander. Så får du i ALLE FALL tura litt på gode, gamle vegar!

Misunner deg cab'en, gitt. Har investert i britax soltak no, men det er cab som er drømmen..  8)

Sv: Bobbla mi

Posted: Thu May 15, 2008 9:07 am
by Sander
Det var omtrent slik det bar, Sande, Eldalsosen og Gaularfjellet. Røyrvikfjellet vart seff ikkje då, heller ikkje Holsen. I valet mellom Røyrvikfjellet og Viksdalen trakk Viksdalen lengste strået denne gonegen.

Sv: Bobbla mi

Posted: Thu May 15, 2008 6:00 pm
by FreddyB
Tenkte berre det var bedre boblevegar over Rørvikfjellet til Eldaldsosen enn via Sande til Eldalsosen, sedu..  ;) Når du kom opp til Flatheim, der det var bensinstasjon og pensjonat, så er du berre 5-600 meter frå der eg har anene mine. Hoffslåttene.. Har vinka til mang ei boble som passerte forbi der, i min pure barndom.  ;D

Sv: Bobbla mi

Posted: Thu May 15, 2008 11:01 pm
by Sander
Då kjenner du Hallbjørg..

Sv: Bobbla mi

Posted: Mon Jun 23, 2008 4:05 pm
by Gaute(alutig)
bobla på verksted Sander?
følger med vettu.. ;)