Då eg starta gråtassprosjekte mitt var eg klar over at det etterkvart vart masse deler med behov for rustfjerning og reingjering, og då eg ikkje har muligheit for sandblåseutstyr heima(har ikkje straum til kompressor) so hadde alt måtte leverast vekk, og da kostar pengar, noko eg ikkje har..
Då forska eg litt på nettet og fant ut litt om rustfjerning superduper midlar... Aller kjenner vel til Stripall, som reklamerar i da som finst av blader og sånt til gamle bilar og anna som rustar.. da som ikkje vert nevnt noko om er at hovedingrediensen er kaustisk soda, eller Natriumhydroksid som dei skriv. dette er jo svert basisk (pH verdi 14) og er dermed sterkt nok til å løysa opp da mesta av skit og drit og ogso då rust. Så dei som vil laga seg noko sånt rimlig kan blanda ut kaustisk soda med vatn og bruka da som eit "rensebad" men obs fare for etse skadar, så bruk brille og hanskar.
Men eg såg etter ein anna løysing for rustfjerning, som ikkje inkluderte bruk av dyre kjemikaliar.. etterkvart snubla eg over denne linken:
http://antique-engines.com/electrol.asp
Der står da jo ganske greitt korleis detta fungerar. men kort fortald. Ein plastdunk som tank, vatn oppi , eit flattjern som anode, helst eit litt stort, ein batteriladar, so stor som muleg, 1 rusta del, kobla negativen på den og positiven på flattjernet. tilsett noko i vatnet som gjer att da ledar bedre straum. eg brukte 3 boksar bakepulver på ca 180liter vatn(2boksar gav utslaget på amperemeteret, så tredje boksen var for "sikkerheits skyld" )
EDIT: dropp bakepulveret og bruk KRYSTALL SODA
straumen som vert tilsett gjer att drit og rust går over til flattjernet og flattjernet går over på rustdelen. dermed vert den god som ny

Her er nokon bilder:
Her e utstyret ein treng. ladaren treng ikkje vera so stor, men jo meir ampere den gjer jo raskare virkning! klarar nesten 10ampere med denne på full styrke og 24v

Vatnet vart raskt brunt då eg begynte å fjerna rust på seteplato

Trompetane fekk ogso plass oppi stampen

Eit døgn seinare var vatnet betydlig brunare, noko som er positivt i denne samanheng:) legg merke til at eg bruker eit kostaskaft nedi, da er for å ha ein slags sikkerheit for at ikkje flattjernet skal komma i kontakt med rustdelen. da er svert vitkgit at dei ikkje kjem borti kvarandre, pga kortslutningsfare(sikring på ladaren ryk) men likavel er da viktig at delane er so nerme kvarandre som mulig pga raskare matrialgang i elektrolysen, med skaftet imellom går da fint.

Litt betre bilder;

Massevis med gravrust og dekelskap

eit halvt døger seinare so ser flattjernet sånn ut.. fullt i graps

Her er armen rykande fersk frå gryto, og grå er den ivertfall ikkje lenger. so er da berre å peisa på med høgtrykksteamer for å fjerna restane

So etter vasking ser den sånn ut. da som er gravrust vert eit svart belegg som er berre å kosta vekk med stålkost

Detta er altso etter kun eit halvt døgn i "gryto"




Over tid so minkar vatnet litt, og da er ikkje rart med tanke kor varmt da vert oppi her. opplegget genererar mykje varme så da kokar vekk litt.

Ting å huksa på er at da ikkje bør stå for lenge i ro, då krystalliserar da seg i botn pga att da er pulverbasert bakepulver, men ellers so kan elektrolytten vara "livet ut" men etter eit halvt års bruk kjem eg nok snart til å byta vatnet og gjera reint oppi stampen.
Ein ting er ivertfall sikkert, eg hadde ikkje trudd det skulle fungera sopass bra, denne metoden her kan nesten erstatta sandblåsing, sjølv om den ikkje er i nerheiten av lika effektiv.
So då er da berre å hiva seg rundt med rustgryter og koking av deler
