Karosseri til 66 mod boble?
Posted: Wed May 28, 2008 11:11 am
Hei hei!
Fyrste vitjing på forumet!
Er der nokon av dykk røynde bobleentusiastar som veit om eit 68-modell karosseri passer på chassiet til ein sein 66-modell. Sidan eg ser det er fleire 68-modellar for sal, tenkte eg å prøva dette. Har så smått tenkt å byrja setja saman far min si gamle boble som ligg i smådelar i kjellarstova. Eg var dum no til å ta bilen, som den gongen var i perfekt stand, frå Voss til vestsida av Sotra. Den gongen hadde eg ikkje garasje så den vart ståande under ein presenning i hagen i mange år utan inspeksjon. Då presenningen vart fjerna var sjølve bobla berre eit gjenomhola skrap som ville vera nytteslaust å sveisa på, så dette vart berre klasta. Skjermar og panser, med unnantak av motorloket var imidlertid i god stand så det har eg teke vare på. Likeeins chassiet. Heilt perfekt. Greide å øydeleggja kardanghuset under demontering, så det må eg og ha nytt. Det er og spørsmål om 66-skjermane passar til 68 modelle, for eg vil ha dei gamle store runde lyktene for å få bilen slik den var, og sidan chassiet er inntakt får eg lov å setja på dei gamle R-skilta.
Venleg helsin
Jostein
Tælavåg