Page 1 of 3

Luftkjølt på langtur:-)

Posted: Fri May 14, 2010 10:55 pm
by StarBugs Geir
Kjekt å ha ein tråd der dei som reiser på langtur med sin luftkjølte, så om fleire vil bidra med bilete/historiar frå sine turar: Køyr på!

Etter vårmønstrina bar det rett til Voss, og vidare til austlandet idag tidleg. Var framme i Sandefjord i tolvtida, og Langporschen gjekk som ei klokke heile vegen. Fekk skrapa litt tectyl over vidda, men det går bra :).

Vart jo litt krusing i kveld, og sjølvsagt møtte eg ei boble! :thup

Imorgon ber det til Oslo, så køyrer me heimatt 17. mai, med pynt og flagg på tvers av landet! Det blir ei spesiell og artig feiring! ;D

Sandefjord krusing:

[attachment=1]

Sv: Rapport frå austlandet:-)

Posted: Fri May 14, 2010 10:59 pm
by RZR Andy
Hadde så nær sagt... hmmm. Det skulle vel ikke ha noe med denne å gjøre...nei, hmmm ;)
http://www.vwnorge.no/index.php/topic,23984.new.html

Sv: Rapport frå austlandet:-)

Posted: Fri May 14, 2010 11:02 pm
by StarBugs Geir
Nei, dessverre :-\. Flott om det er riktig at denne kjem til Bergen! :thup

Sv: Rapport frå austlandet:-)

Posted: Fri May 14, 2010 11:03 pm
by norshuttle
RZR Andy wrote: Hadde så nær sagt... hmmm. Det skulle vel ikke ha noe med denne å gjøre...nei, hmmm ;)
http://www.vwnorge.no/index.php/topic,23984.new.html
:o :o :o :o

Sv: Rapport frå austlandet:-)

Posted: Fri May 14, 2010 11:23 pm
by norshuttle
Hang kapslene på over fjellet?? :)

Sv: Rapport frå austlandet:-)

Posted: Fri May 14, 2010 11:50 pm
by Sander
GSR wrote: Nei, dessverre :-\. Flott om det er riktig at denne kjem til Bergen! :thup
Kan vi stole på deg no?

Sv: Rapport frå austlandet:-)

Posted: Sat May 15, 2010 8:16 am
by StarBugs Geir
@Sander: Ja, eg har ikkje handla bil igjen.
@Norshuttle: Kapslane ligg og skin i bagasjerommet enno:-)

Sv: Rapport frå austlandet:-)

Posted: Sat May 15, 2010 2:54 pm
by RZR Andy
Strøkent turopplegg Geir! Flott at det satses luftkjølt også på lengre etapper som dette! :thup

Sv: Rapport frå austlandet:-)

Posted: Tue May 18, 2010 10:09 am
by StarBugs Geir
Ja, dette er verkeleg å anbefale! Ikkje tvil om at turen får "ein ekstra dimensjon" i ein slik bil. Vegen frå Geilo til Uvdal (Nummedalen) er derimot IKKJE å anbefale. Det er noko av det verste eg har køyrd på. Telehiv, og masse sår/skadar i asfalten. Hardangervidda er heller ingen "højdare" i låg bil. Beste vegen (kvalitet) er utan tvil:

Oslo - Gol - Hemsedal - Lærdal - Voss - Bergen

Turen gjekk utan noko som helst problem. Bytte olje før me køyrde, og har nye pluggar og pluggkablar. Sjekka rotor/fordelarlokk. Tok litt "finjustering" av tenning og gassarane før me køyrde. Det hjalp på forbruket, og den går litt finare. Om det er rett har eg ikkje idé om.....men så lenge det funkar er eg nøgd. Har sjølvsagt med eindel utstyr som KAN bli nødvendig:

- Verktøysett
- Slepetau
- Startkablar
- Startgass
- Verktøykasse på boks
- Div. deler (børster, slangeklemmer, pluggar, hjullager + to rullar mcgyver-tape ;))
- Reservehjul m. dekk som går på bilen (litt viktig i mitt tilfelle, lite vits med reservehjul eg ikkje kan køyre med)
- Liten brannslukkar (Denne gløymde eg, men den skulle vore med :))

Det er sjølsagt og greit å kunne skru litt OM ein skulle få noko problem. Men det er jo sjølvsagt avhengig av standen på motor/køyretøy ein skal reise med.

Var dessverre ikkje flink å ta bilete, men eit frå 17. mai på gol vart det! :)

[attachment=1]

God tur til andre som vil prøve! Når me kom heim ville me kruse meir.......så det vart bilvask og ein runde i sentrum :). På an igjen idag..........må jo nyte godværet!

Til sommaren skal eg og Tanya på langtur med Guffen!
:thup

NB: For dei som er misnøgde med vegane på vestlandet og i Bergen sentrum så har eg ei (dårleg) trøyst. Det er lika gale på austlandet...........

Sv: Rapport frå austlandet:-)

Posted: Tue May 18, 2010 10:13 pm
by Tistlo
Kjekt å forandra litt på dan vanliga 17mai feiringa :) Eg sjølv var i garasjen iår..

Ang veg kvalitet, den er mykkje bedre på austlandet, men fjellovergangane er verre.. hemsedal er heilt klart best, men den absolutt verste er filefjellet! då på auslandssida av fjellet.. Heilt elendig, inkludert ca 1mil på grus.

Ang justering av gassar: Kjøp deg to sånne synkroniseringsdingsar og få dei synkronisert, so justerer du dei etter boka.

Sv: Rapport frå austlandet:-)

Posted: Sun Jul 18, 2010 1:02 am
by StarBugs Geir
Eg har det jo med å havne på "feil" side av fjellet, og no vart det ny impuls-tur :). Var i Flåm før helga, og tok til høgre istaden for til venstre når me skulle heim, så då havna me i Oslo.

Fint driv over fjellet. Teksten i displayet er forøvrig svært treffande. Ingen rute planlagt! ;D

[attachment=1]

Ein Mercedes 300SL sinka oss ned Hegdehaugsveien. Trur dei eig byen......det gjorde han sikkert og ;D. Berre tulla, det var ei fantastisk strøken vogn med tidsriktig antrukket passasjer. Artig å kruse med ei lita stund. :thup

[attachment=2]

Ein kjapp tur te naboen for påfyll av Pepsi Max

[attachment=3]

Spotta ein eldre slekning av varianten i Fredrikstad, og MANGE luftkjølte langs vegen dei siste dagane! ;D

[attachment=4]

Imorgon heng me oss truleg på krusing rundt Hurumlandet. Ny rapport følgjer! :)

Sv: Rapport frå austlandet:-)

Posted: Sun Jul 18, 2010 11:50 am
by Moshe
GSR wrote: Berre tulla, det var ei fantastisk strøken vogn med tidsriktig antrukket passasjer.
Ser ut til å ha på seg brun-beige skjorte og caps.... hrm.... Tidsriktig..?... hrm...
Så du om de hadde ridestøvler også...? ;) ;D :D
... eller kanskje en bitteliten bart...? :o

Sv: Rapport frå austlandet:-)

Posted: Sun Jul 18, 2010 7:18 pm
by Tistlo
Virkar ikkje som du tok heilt livet av variantmotoren på bore ;D Go tur å vel heim :thup

Sv: Rapport frå austlandet:-)

Posted: Sun Jul 18, 2010 9:51 pm
by StarBugs Geir
@ Mosje: Ingen bart, ridestøvlar fekk eg ikkje sjekka. Tenkte mest på ho so sat i passasjersetet. Skaut og stailige bridle! (Eller hijab og briller på austlandsk)
@ Tistlo: Varianten trivest best når det går unna. Krusing i låg fart er den ikkje så glad i, men slik er det jol med Porschar ;).

Var med på ein kjempefin krusing rundt Hurum-landet! Over 20 bilar møtte. Det er vannvittig bra! :thup

Her er nokre bilete frå turen:

[attachment=1]

[attachment=2]

[attachment=3]

[attachment=4]

Sv: Rapport frå austlandet:-)

Posted: Sun Jul 18, 2010 10:44 pm
by Sander
Eg var på langcruising på austlandet denne helga....og forrige helg. Oslo - Florø begge helger med hhv loffen og bobbla etter at begge bilane har vore på tur rundt kysten. Omlag 1500 km på begge bilar utan problem av noko slag. I dag i bobbla i rimelig bra vær, taket nede og kortbukse heilt fram!!