Page 1 of 1

Hjelp til justering av gassere/tenning/ventiler

Posted: Sat Apr 10, 2010 10:32 pm
by StarBugs Geir
Imorgon skal eg freista enno eingong å få forgassarane til å funke. Dei "flyt over" av bensin, og eg mistenkjer at det er empi-pakninga som er problemet.

Alt blir plukka frå kvarandre og satt saman igjen imorgon formiddag. Som eg har sagt mange gonger, motor er ikkje min greie. Berre eg får gassarane tett/fungarande skulle eg hatt hjelp til å justere tenning og forgassere til "grunninnstilling", slik at bilen iallefall går.

Ideelt sett skulle ventilar vore justert og. Nokon som har kompetansen og føler for å bidra? Det beste hadde sjølvsagt vore å få det 100% med det samme. Skulle gjerne ha fiksa dette sjølv, men skal eg lese, prøve og feile nokre gonger før eg ser at eg treng hjelp likevel, då er sesongen over........ ;)

Eg blir sjølvsagt med som lærevillig elev og handlangar. :thup Kompensasjon blir me einige om.

Ring meg/SMS på 911 25 911 eller mail til saeboe(at)gmail.com

Sv: Hjelp til justering av gassere/tenning/ventiler

Posted: Sun Apr 11, 2010 10:21 am
by GreenBug
Morning!

Ligger synkroniseringsverktøy på plassen min et sted. Bare å låne den hvis du vil.

Morten :)

Sv: Hjelp til justering av gassere/tenning/ventiler

Posted: Sun Apr 11, 2010 11:29 am
by Tistlo
Om dei flyt over, so må du justera flottørhøgde, her er det tips n' tricks: http://www.vwnorge.no/index.php/topic,20100.0.html

Sv: Hjelp til justering av gassere/tenning/ventiler

Posted: Sun Apr 11, 2010 12:17 pm
by StarBugs Geir
Trur nok eg må bite i det sure eplet og investere i nye gassere. Kjem ikkje lenger. Har demontert/montert utan hell. Får start, men bilen går ureint ei litastund, for så å daue heilt. Umogleg å få start på igjen. Les i Haynes, og freistar å finne ei grunninnstilling, men det verkar uansett som eg er heilt på jordet. Og det er er nok rett.

Skal tenke litt i helga, men blir nok bestilling i neste veke, slik at eg er 100 prosent sikker på at den biten er ok. Får angripe tenning og justering når dei nye gassarane kjem i hus. Må innrømme at akkurat no er eg litt lei. For det fyrste er det ikkje noko eg likar å bale med, og for det andre ser det definitivt ikkje ut som eg kjem ein millimeter nærmare målet.

Takk for tråden Tistlo, men dette er ikkje samme type gassere (Sjølv om sikkert mykje er likt). Eg ser også at framgangsmåten/prosedyren for overhaling/justering er vesentleg meir omfattande enn eg har trudd, så eg kjem truleg ikkje i mål uansett. :-\

Sv: Hjelp til justering av gassere/tenning/ventiler

Posted: Sun Apr 11, 2010 3:25 pm
by RZR Andy
Trodde ikke jeg skulle se at du ga seg på tap, Geir???  :o Hva heter disse gasserne dine da? Sender deg en mail med noe å lese på.

Sv: Hjelp til justering av gassere/tenning/ventiler

Posted: Sun Apr 11, 2010 10:30 pm
by StarBugs Geir
RZR Andy wrote: Trodde ikke jeg skulle se at du ga seg på tap, Geir???  :o Hva heter disse gasserne dine da? Sender deg en mail med noe å lese på.
Det handlar vel på eit eller anna tidspunkt om å sjå eigne begrensingar :). Var tett ved å gi opp idag, men Moshe og Solan kom til unnsetning. Elles hadde eg nok reist heim og grubla på kva som kunne være gale. Flottøren lak, og vart bytta. Tenninga vart justert. Likevel går motoren ekstremt dårlig. Prøver å justere ihht. Haynes boka, men må være noko eg gjer feil.

Startar greit, chokespjelda er opne når motoren er varm, og justering av "volum-skruen" på gassarane gjer lite/ingen innverknad på gangen. Merkelege greier dette her. :-\

Sv: Hjelp til justering av gassere/tenning/ventiler

Posted: Sun Apr 11, 2010 10:34 pm
by Tistlo
Og den tenner på alle sylindarar? Pluggledningane på rett plass feks ?? bytter du om litt på dei so går motoren strax Elendig!

Sv: Hjelp til justering av gassere/tenning/ventiler

Posted: Sun Apr 11, 2010 10:57 pm
by StarBugs Geir
Har vore gjennom det før idag. Sjekka alt og justert tenning med pistol :police:.

Men du har eit poeng, den går som om det er feil på tenninga. Har likevel ikkje lyst til å rote med det sidan eg fekk så god hjelp på det området før idag. Det skal jo no være iorden. Rare greier dette her........

Sv: Hjelp til justering av gassere/tenning/ventiler

Posted: Sun Apr 11, 2010 11:30 pm
by Tistlo
Att den ikkje trekker i motbakkane tilseier jo ganske klart att det er noko galt med tenninga, ikkje att det er noko med gassarane,

Eg ville nett ha kontrollert ledningane ivertfall

Sv: Hjelp til justering av gassere/tenning/ventiler

Posted: Mon Apr 12, 2010 12:30 am
by Solan
Les postinga over, Tistlo; vi har kontrollert alle kabler og ledninger, samt stilt tenninga med tenningslampe. Det vi imidlertid ikke har gjort, er å sjekke stiftåpning, fordelerlokk og rotor, det kan være noe der, Geir. Når jeg tenker etter, så så faktisk det fordelerlokket ditt nesten førkrigs ut... Kanskje en ide å sjekke pluggenes tilstand også, hvis du ikke har gjort det. Jeg har fremdeles tru på falsk luft, samt spinnvill justering på gasserne...

Detta skal vi få til (til slutt), Geir.

Sv: Hjelp til justering av gassere/tenning/ventiler

Posted: Mon Apr 12, 2010 1:01 am
by Tistlo
Ved lampeinnstilling, var det på tenningsmerket ved tomgang eller 30grader ved 3000omdr? om du stillte med lampe på tomgang er det ikkje sikkert den vert heilt god likavel, ofta best å berre justera etter gefylen.

Det viktigaste er å ikkje gje opp Geir! :)

Sv: Hjelp til justering av gassere/tenning/ventiler

Posted: Mon Apr 12, 2010 8:15 am
by StarBugs Geir
Hugsar ikkje.......var høg på bensindamp og godt humør etter at den brått vakna til liv! ;D ;D ;D

Veit ikkje om det var 30grader eller kva omdreiningstal det var. Kanskje Solan hugsar. Var iallefall rundt 14grader i lokalet. ;) ;D

Sv: Hjelp til justering av gassere/tenning/ventiler

Posted: Mon Apr 12, 2010 11:09 am
by Padden
Bare prøv deg litt frem med og vri på fordeleren, jeg synes det pleier og funke bedre enn tenningslampe. Når du nærmer deg toppturtall på motoren hører du helt klart om tenningen er på viddene, men vri litt om gangen og plutselig treffer du og da går den så fint så. Stiften sjekket vi jo, den var jo så godt som spot on så tror ikke det er noe og hente der.

Sv: Hjelp til justering av gassere/tenning/ventiler

Posted: Tue Apr 13, 2010 12:06 am
by StarBugs Geir
Tenningsrekkefølgja var ikkje rett likevel.......12 points goes to Tistlo! :thup

Oppdatering på Geirs garasje: http://www.forum.vwacb.com/index.php?topic=787.255