Fjordsteam i Florø 5.- 8. august!
Posted: Wed Apr 07, 2010 10:25 am
Last ned informasjons-skriv som ble sendt ut til VWACB-medlemmene pr. e-post:
[attachment=4]
Som arrangør av Fjordsteam 2010 er eg glad for at det ser ut til at ein gjeng med grombilar kjem til byen lengst i vest. Vi har allereie påmeldt omlag 30 større fartøy, og bilder og nyhende vert lagt ut etter kvart på www.fjordsteam.no.
[attachment=1]
På bilsida vert det fort 150 bilar. Vi har fått beskjed frå Bergen Veteranvognklubb v/Rikard Riim at dei kjem til å komme mellom 20 og 40 bilar allereie torsdag og bli til søndag. Truleg kjem dei til å overnatte på den gamle nattruta MS Sandnes. Ein av dagane no får vi beskjed om den verna ferga MF Skånevik stiller. Om den kjem blir bildekket fult opp med gamle brannbilar frå Bergensdistriktet. Kjem dei ikkje med ferga kjem nok mange av desse likevel, men akkurat korleis veit vi ikkje no. Leif Amundsen, pensjonert brannmeister i Florø, arbeider med å samle det som måtte være av veterane brannbilar i fylket. I tillegg stiller RHF med sitt materiell, og vi håpar på 8 – 10 eldre bussar. Desse vil bli brukt i rute både fredag og laurdag.
[attachment=2]
Om nokre veker vil turprogrammet for fredagen og laurdagen være klart på www.fjordsteam.no. Vi var ikkje tenkt å selje billettar på førehand, men for dykk vil vi gjere eit unntak slik at de kan sikre dykk plass på dei turane de vil delta på. Vi ber då om ei samla bestilling.
Laurdagen er torgdag i samarbeid med Bondens Marknad og vi skal nytte oss av heile sentrum. Parkering for veteranbilar vert i heile Strandgata og på Fugleskjærskaia dersom det vert behov. På Jens Helmers Plass framfor Amfi vil det bli parkering og ”stasjon” for dei gamle bussane, medan brannbilane finn sin plass framfor brannstasjonen. Tidleg på dagen vil det bli ei historisk brannutryking og planen er å ”redde” ordføraren ut frå eit ”brennande” rådhus med ein gammal stigebil. Vi håper de er interesserte i å bli med på ein parade på eit eller anna tidspunkt av dagen. Det vil være naturlig å være ferdig i god tid før 1400, då det vert rundtur til mange av øyane i distriktet på 4-5 ruter med veteranbåt. Mange i VWACB ønskjer sikkert å være med på det.
Laurdags kveld vert det fest for alle mannskap og bilfolk. Alle kveldar vert det sommar-revy, fredag og laurdag større konsert. Alle luft-folk som kjem saman med VWACB får deltakarpass som sikrar billigare øl på mannskapskro og litt forskjellig anna.
[attachment=3]
Som sagt vil det gamle nattruteskipet MS Sandnes delta på Fjordsteam. Skipet vart levert frå Nyland i 1950 og var enno i 1976 eit av dei vakraste og mest luksuriøse skipa som har gått på norskekysten i rutefart. I heile 24 ågjekk skipet Stavanger - Bergen - Stavanger. Likevel, etter at hydrofoilar, sørlandsbane og fly tok over passasjer-trafikken frå 1960 og utover måte ein skuffa båt vende heim til Sandnes i 1974. Etter diverse ombyggingar gjekk ho deretter som skuleskipa ”Gann” og ”Sjøkurs” i hhv 20 og 12 år før Ryfylke Dampskibsselskap tok over i 2007.
Om de ynskjer å gjere ei helg ut av dette og overnatte på den flotte båten når de Alf Kåre Olavesen på 51 53 44 00. Dei vert heilt sikkert glade om de vel å bu om bord i ein av deira 180 køyer. Quality Maritim Hotel (5775 7575) midt i hamna er også eit godt alternativ. Som sagt skal gjengen frå Bergen bu på MS Sandnes, så det kan hende det vert ein naturlig møteplass for ”bilfolket”. Bergen Veteranvognklubb og Sunnfjord Veteranvognklubb vil parkere bilane sine i nærleiken av båten, og det kan sjølvsagt også VWACB. Brannbilane vert parkert i ferga som vert liggande like ved. Er det behov kan vi ordne parkering innandørs i storhallen, men vi treng då påmelding og litt tid til å ordne det.
Til slutt vert det vel ope hus hos meg også, men det kan bli trangt, så ein får ta til takke med det som byr seg på golv etc. Det er sjølvsagt gratis. Alutig har jo også ny garasje...............