Page 4 of 4

Sv: Bobbla mi

Posted: Wed Sep 05, 2012 9:06 am
by Sander
PÅ seinsommaren såg eg antydning til rust under kanalen på venstre side, og desverre var det ein del rust under tectyl. Stigbrett og skjermar er no demontert, og det viser seg at væte har kome seg inn bak stigbrett i eit av festehola (som tydeligvis har vore reparert før). Også kanten bak stigbrett er angripen. På venstre side er det sveist på ei plate over denne kanten, og det er truleg også rust, om enn i mindre omfang.

Eg var på sveisekurs, og fann vel ut at det nok vert billegare for meg å få hjelp til dette.

Spørsmålet er derfor; er det nokon sveisekyndige som har lyst på arbeidsleir i Florø? Eg held mat, eige husrom, bil og betaler sjølvsagt for jobben. Kor lang tid dette tar torer eg ikkje sei, men det er meir enn ein kveld! Det som trengst er kun sveisejobben, stell etterpå tar andre seg av.

Om nokon kunne tenke seg og har tid til dette "eventyret" er eg svært takksam for ei tilbakemelding. Det hastar litt.

Sv: Bobbla mi

Posted: Wed Sep 05, 2012 5:15 pm
by Tistlo
eg kan kanskje hjelpa deg med detta vist ikkje du får nokon litt meir lokale til å hjelpa deg (Gaute!)
men, eg må isofall ha bilder av skadeomfanget:)
har du sveiseapparat tilgjengelig?

Sv: Bobbla mi

Posted: Fri Aug 16, 2013 3:05 pm
by Sander
Då vart det full pakke. Har tatt alt av rust, og lakkert det meste opp til pyntelist.
[attachment=1]

Sv: Bobbla mi

Posted: Fri Aug 16, 2013 3:10 pm
by Sander
[attachment=2][attachment=1]

Sv: Bobbla mi

Posted: Fri Aug 16, 2013 3:15 pm
by Sander
EU gokjent, med merknad for at ryggelyset var svakt (!!!!) Etter å ha skifta til senkefjærer vart resultatet svært bra, sjølv om eg nok hadde seld bilen i fjor om eg visste kva eg gjekk til;
[attachment=1]

Sv: Bobbla mi

Posted: Fri Aug 16, 2013 3:22 pm
by Moshe
Gratulerer Sander...!!! :thup

Sv: Bobbla mi

Posted: Fri Aug 16, 2013 5:53 pm
by J.R.H
Blei bra ditta Sander!! :)

Sv: Bobbla mi

Posted: Fri Aug 16, 2013 8:07 pm
by djupevik
Gratulerer, ser meget bra ut!  :)

Sv: Bobbla mi

Posted: Fri Aug 30, 2013 9:55 am
by Sander
Det eg ikkje fortalde var at då eg henta bilen frå EU, kom det ein syklist og sykla rett på meg. Eit heilt styr, bulkar og riper på både panser, side og dør. Knust speil. Rett inn på retting og lakkering igjen, denne gang med TrygHansa som betaler. Gjekk ikkje bra med syklist, han knakk skuldra, ødela sykkelen og fekk grov kjeft av ei eldre dame som stod over han og ropte "Det var din feil, det var din feil". Stakkaren på 13 år snakka hverken noskr eller engelsk, og var svært forkommen. Med meg gjekk det betre, sjølv om det var eit lite sjokk. Heilt frikjent av Politiet, noko som slett ikkje er vanleg i slike saker. Bonusen var at eg fekk eit nylakkert panser, i tllegg til det som var lakkert frå før.

Sv: Bobbla mi

Posted: Fri Aug 30, 2013 3:03 pm
by djupevik
Hell i uhell der altså. Men aldri kjekt når det er personskade i bildet. Godt du hadde vitner slik at det ikkje var tvil om kor skulda låg :-)
Skal ikke våge deg utpå eikåsbana med denne på søndag da?  :)

Sv: Bobbla mi

Posted: Sat Aug 31, 2013 1:25 am
by Sander
Kjem om været er sånn nokonlunde!

Sv: Bobbla mi

Posted: Tue Sep 03, 2013 9:10 am
by Solan
Sander wrote: Kjem om været er sånn nokonlunde!
Synd du ikke kom, vi hadde kanonvær!

Sv: Bobbla mi

Posted: Sun Apr 27, 2014 10:58 am
by Sander
Ut i går....ikkje ein dag for tidleg
Skulle gjerne vært i Bergen på Vårmønstring i dag, men konfirmasjon neste helg, so då!

Sv: Bobbla mi

Posted: Sun Apr 27, 2014 11:30 am
by Sander
...må ha vore ei Anna vårmønstring i Bergen det var snakk om. MC?

Sv: Bobbla mi

Posted: Sun Apr 27, 2014 1:08 pm
by VW 181
Sander wrote: ...må ha vore ei Anna vårmønstring i Bergen det var snakk om. MC?
Jepp, var nok MC.
Vårmønstringen for biler er 29. mai, så du rekker den, Sander!