Page 24 of 47

Sv: Geirs garasje

Posted: Tue Aug 10, 2010 10:14 pm
by StarBugs Geir
Eg og Chris har no jobba nokon dagar på Magda, og det byrjar å blir bra. Må splittast om ikkje så altfor lenge for å få vekk all rusta i karroseriet. Kanalen på førarsida var nærmast borte, den har me fått bytta underdelen til. Utvendig overdel var bytta frå før, og innvendig vart laga på staden. Ser veldig greit ut til å være bøyd til i ein døropning. ;D

Varmekanalen er fjerna. Rustfelle og dårleg løysing. Varmen skal behaldast, men det blir laga nye kanalar der ikkje kondens/rust blir noko problem. Gasspedalen var midlt sagt vaklevoren, og fjøra mangla som vanleg. Her vart alt demontert, og mekanismen vart bygd om/forbetra. Ny fjør vart lagt opp, og no funkar det som berre juling! Det var ei stor forbetring i forhold til original-løysinga.

Høgre-sida var betre, og er no lappa ihop så det er relativt solid/forsvarleg. Det er og klatta litt med glasfiber for å få det vanntett. Det får halde fram til splitting. Imorgon skal me sveise det siste, og få på stoff og pakningar. Arbeidet som var gjort frå før var fullstendig ubrukeleg, og at denne var eu-godkjent er mildt sagt merkeleg. Det er fyrst no etter x-antal timar den byrjar å nærme seg trafikksikker stand etter MI meining :police:.

I tillegg har Chris kjøpt nye setetrekk, framdekk og ein boks lakk i riktig farge så me får dekka over grunninga :thup.

Bilete kjem imorgon :).

Sv: Geirs garasje

Posted: Fri Aug 13, 2010 10:17 am
by StarBugs Geir
Då tar me ein pause med Magda til etter helga. Blir ein liten innspurt før SCC. Går som ei kule, er tett.........trur eg, og byrjar å sjå vetig ut. Veldig artig å køyre! :thup Chris er storfornøyd etter dei siste dagars jobb. Lakken me fekk blanda på Lakkspesialisten traff nokonlunde greit, så no er grunninga dekka.

Vart ikkje tatt så mykje bilete. Får ta det når arbeidet blir gjort 100% i forbindelse med splitting.

Me skar ut og bøyde til nye innerkanalar. Skippa varmekanalen, og gjennomføringa for el-kabelen.

[attachment=1]

[attachment=2]

Bytte ein del av innerskjermen og underkanalen. Fått på masse tettestoff, så me vonar det er relativt tett.

[attachment=3]

[attachment=4]

LangPorschen har me hatt problem med at bensin renn over i sving, om det er mykje på tanken. I tillegg har det dunsta bensing rundt bilen sidan me fekk han.......

Det var no på tide å fikse dette, sidan me skulle på EU-kontroll. Fekk av påfyllingsrøyret for å sjekke det, og overløpsrøyret var rusta vekk. Ikkje rart det luktar. I tillegg var det masse hol i røyret. Sidan eg ikkje hadde nytt, vart det fram med sveiseapparatet igjen. Fekk tak i passande røyrbit, og so var det fiksa. Festet i innerskjermen var og rusta vekk, så der vart det laga eit GSR-feste :) istaden. Ikkje mykje originalt noko av dette, men det funkar og slapp å vente på deler.

[attachment=5]

Kl. 15.00 igår skulle eg på kontroll, og 15.45 hadde me godkjenningspapiret i handa! FANTASTISK! Kjekt å ha det i orden. Det vart feira med "familiecruising" til Os, Soft-is, og spasertur på Solstrand.

Ein strålande dag! ;D :thup

Sv: Geirs garasje

Posted: Fri Aug 13, 2010 2:08 pm
by RZR Andy
Gratulerer med vel utført arbeid og EU i boks!! :)

Sv: Geirs garasje

Posted: Fri Aug 13, 2010 2:36 pm
by T-1
godt jobba  :thup må si jeg er imponert over tempoet på dere  :thup

Sv: Geirs garasje

Posted: Fri Aug 13, 2010 5:38 pm
by Tistlo
Vel og bra detta for å vera mellombels ivertfall! :)

Men får håpa du ska gjera noko med dei karosseriskjevena som du har imellom kanal og golv ;) utan so vert da lekkasje delux

Sv: Geirs garasje

Posted: Fri Aug 13, 2010 6:09 pm
by StarBugs Geir
Dei vart berre brukt som kiler for å få inn lakk og pakning ;)

Sv: Geirs garasje

Posted: Sat Aug 14, 2010 2:16 am
by Tistlo
Ja da va da eg håpte  ;D

Nei den vert bra den her! Berre få heist den opp litt og hivd på meir gommi og sånt so :angel:

Sv: Magda slit. Kjem ho seg til SCC?

Posted: Sun Aug 15, 2010 2:32 pm
by StarBugs Geir
No treng me litt råd/anbefalinger for å få Magda i drift igjen før SCC :):

Problema er som følgjer:

- Startmotoren ville ikkje dra skikkelig rundt. Virka som den måtte "slite" som om det var lite straum. Av og til heilt ok.
- Brått vart det bom stopp. Releet slår inn, men startaren er dau.
- Har fått bilen på bukk, og fått av startaren.
- Innslaget har slått hol i startarhuset, og det er fullt av messingstøv.
- Det er veldig mykje slark i akslingen på startaren, og den har tydeligvis tatt kvelden.......
- Det dett ut mykje lause delar frå startaren

Her kjem spørsmåla:

- Er det berre å slenge i ny startar?
- Må me ha ut motoren for å sjekke kva som har skjedd?
- Klarar nokon å sjå kva dei lause delene har vore for noko?
- Kan noko i clutch-huset være skada/øydelagt?

Nokon som har gode råd?

Her er bilete av greiene:

[attachment=1]

[attachment=2]

[attachment=3]

Sv: Geirs garasje

Posted: Sun Aug 15, 2010 3:29 pm
by Tistlo
Hang dei lause betane på startaren?? har aldri sett noko som minner om da dar før.

Startarforingen er toasted..

Konklusjon, ta på deg spanderbuksene og spander 15-30 på å hiva ut motoren, reingjer, undersøk, bytt foringen, og få gagn på startaren(monter i kassa utan motor og vri nykkeln og sjekk ka so sjer) ELLLER få tak i ein an startar som funkar

Sv: Geirs garasje

Posted: Sun Aug 15, 2010 3:31 pm
by Tistlo
Forrestn den startarn er bås ser da ut som, er jo hål framomm solenoiden!

Nokon har vel liggande får ein tru

Sv: Geirs garasje

Posted: Sun Aug 15, 2010 4:10 pm
by StarBugs Geir
Ny startar er på plass for montering! :thup

Sv: Geirs garasje

Posted: Sun Aug 15, 2010 4:57 pm
by Tistlo
Langt på veg då! Treng berre foring, og eg hadde desverre ikkje :-\

Men da e vel nokon som har i byn, utan so er unneberg snare om å senda avgårde eit: http://www.unneberg-bil.no/mab/webshop_ ... =i&id=2851

Sv: Geirs garasje

Posted: Fri Aug 27, 2010 8:48 am
by StarBugs Geir
Det har vore mykje jobbing på Magda, og lite oppdatering i tråden siste dagane. Før SCC fekk me montert ein gammal startar, fordi me ikkje tok sjansen på å bruke den nye. Grunnen til dette var usikkerheit rundt foring/sentrering av akslingen.

Fekk slipt ut no av messingforingen til å felle inn ein bronseforing, som skal være meir robust.

Slik vart det sjåande ut (Dårlig bilete....)

[attachment=1]


På veg til SCC svikta ladinga. Orka ikkje skru så mykje den helga, så det vart tur-retur Oslo utan lys for Chris. Siste biten frå Gudvangen vart lyset brukt, utan at batteriet vart fullstendig uttappa.

Vel heime igjen starta arbeidet. Fekk ny regulator på SCC. Den vart bytta utan hell. Målte ingen spenning utfrå den. Rekna då med at dynamoen var gåen. Bytta den med ein "ny" eg hadde liggande frå dynamomannen i Åsane. Samme resultat. Testa den "nye", og den var fullstendig dau. Godt kjøp...................... ;)

Gjekk over jording, dynamofot, børster osv. på den gamle, og monterte den igjen. Like daudt. Fekk låne ein dynamo av Bjørn (takk!), og monterte den. Fortsatt ikkje liv. No byrja det å bli kjedeleg. Dynamobytte tek ikkje akkurat eit par minutt. Mange utilgjengelege skruer, og vannvittig trongt!

Fekk med oss Bjørn som feilsøkte og fann to feil. Brudd/jordingsfeil i ledningen til ladelampen, og dårleg kontakt ein eller annan stad mellom regulator og batteri. "Alt" vart gått over, og etter pussing og kabelbyte fekk me straum! :thup

Igår kveld kl. 21.30 målte me heile 13.8v på batteriet! Fortsatt blinker det litt i ladelampen, men køyrer no med den gamle regulatoren. Den er heller ikkje godt nok montert, så  med litt meir jobbing skal me komme i havn med det problemet...............trur eg ;).

Takk for fantastisk hjelp Bjørn!

Sv: Geirs garasje

Posted: Fri Aug 27, 2010 8:52 am
by StarBugs Geir
Ein ting til. På Unneberg og VW veterandeler hadde dei berre foring til startaren i messing. Noko anna var ikkje å få tak i sa dei.

Heldigvis var ikkje holet større i kassa enn det skal være (16.5mm), så akslingen skal være skikkelig sentrert. Trengte berre ein spesiell foring.

Eg er blitt anbefalt at denne skal være i "lager-bronse", fordi den er veldig robust og sjølvsmørjande. Kva er rett, og kvar kan eg eventuelt få tak i bronse-foring?

(Kosta 7-800 + mva. å få dreid 3-4 stk.)

Sv: Geirs garasje

Posted: Fri Aug 27, 2010 9:52 am
by RZR Andy
Tror det er messing av en eller annen grunn som er "standard"...
Ser ut som om Gene Berg har den i silikonbronse:
http://www.geneberg.com/product_info.ph ... 24b785d984
Image
Sikkert flere som skulle hatt sånne;)