
Varmekanalen er fjerna. Rustfelle og dårleg løysing. Varmen skal behaldast, men det blir laga nye kanalar der ikkje kondens/rust blir noko problem. Gasspedalen var midlt sagt vaklevoren, og fjøra mangla som vanleg. Her vart alt demontert, og mekanismen vart bygd om/forbetra. Ny fjør vart lagt opp, og no funkar det som berre juling! Det var ei stor forbetring i forhold til original-løysinga.
Høgre-sida var betre, og er no lappa ihop så det er relativt solid/forsvarleg. Det er og klatta litt med glasfiber for å få det vanntett. Det får halde fram til splitting. Imorgon skal me sveise det siste, og få på stoff og pakningar. Arbeidet som var gjort frå før var fullstendig ubrukeleg, og at denne var eu-godkjent er mildt sagt merkeleg. Det er fyrst no etter x-antal timar den byrjar å nærme seg trafikksikker stand etter MI meining

I tillegg har Chris kjøpt nye setetrekk, framdekk og ein boks lakk i riktig farge så me får dekka over grunninga

Bilete kjem imorgon
