Er vel på tide å få ut nokre bilete av dokaen. Dette blir eit kustom-prosjekt etter samme mal som 1303en (stil/fargeval), men med meir omfattande ombyggingar. Skulle hatt dei ferdig samtidig.......(trekkvogn

)
Er litt usikker på kor eg endar hen, men her skal eg verkeleg sleppe kreativiteten laus. Bilen er så roten likavel. Utsjånaden blir ikkje så mykje forandra, men det blir eindel "rensking" og endring av konstruksjonar. Mogleg det blir ein svær rag-top og.
I stil/tenkning ligg concept racing sikaen relativt tett på der eg vil. Ikkje dermed sagt eg klarer det!
[attachment=1]
[attachment=2]
[attachment=3]
Dokaen er full av rust, og det blir mykje kapping før gjenoppbygginga startar. Har gleda meg skikkelig til å komme igang med denne, så det var kjekt å få den til Breistein. Mykje deler skal seljast og eindel havnar på
Guffen.
[attachment=4]
[attachment=5]
[attachment=6]
[attachment=7]
[attachment=8]
[attachment=9]
[attachment=10]
No er det berre å få vekk ostakako og eine Vespaen, slik at eg får plass til å jobbe

.