Sv: Klubblokale
Posted: Tue Jul 28, 2009 4:12 pm
Eg synes forslaget frå erika er svært godt, og ser ikkje noko problem i at klubben har fleire ulike lokaler tilgjengeleg for ulike typar bruk. Solsvwik kan være lager, treffplass og (mekkelokale for dei som vil det).
Å få eit sentralt lokale som skal ha alle funksjonar er nærmast umogleg. Med det antalet medlemmar klubben har, og den geografiske spreiinga desse har, er det kanskje betre å disponere fleire stadar? Det blir iallefall suverene cruisingmål
Når det gjeld drifting av Solsvwik (dersom det skulle være i klubbens regi) kan det gjerast på ein svært sikker måte. 4 personar (styret for Solsvwik) har alt ansvar, men klubben står som leigetakar. Det vil seit at lokalstyret rapporterer til hovudstyret, og er ØKONOMISK ANSVARLEG for prosjektet. Då er det økonomiske "trykket" pr. person mindre, og denne kan få sin del (feks. 3000 pr. mnd.) i form av areal til mekking og lagring inne/ute. (Kan sjølvsagt framleigast). Det er ikkje vanskeleg å lage ein struktur på dette. For dei som engasjerer seg i det bør det og være mogleg å tene inn igjen sin andel, sidan dei då vil ta økonomisk ansvar/risiko privat og driftinga vil kreve ein stor grad av dugnadsinnsats for desse 4.
Det som måtte komme inn av leigeinntekter/andre inntekter utover dette, må gå til utvikling av og aktivitetar knytta til Solsvwik. Lokalstyret vil på denne måten få eigarskap til staden, og det er i deira eige interesse at prosjektet "går rundt".
Risikoen til klubben blir minimal, samtidig som ein unngår idéar om å starte "ny klubb" i Bergen, noko som etter min oppfatning vil være SVÆRT ØYDELEGGJANDE/NEGATIVT FOR MILJØET I BERGEN!
VWACB og styret må ha evnen til å tillate/ta ein sakleg diskusjon med medlemmane. Dukkar det opp nye idéar må desse omfamnast og vurderast fordi tidligare avgjersler kan ha vore fatta på eit anna grunnlag.
Det er lov å tenke nytt om me køyrer gamle bilar!
MVH
Geir