Page 17 of 47

Sv: Geirs garasje

Posted: Thu Apr 01, 2010 5:01 pm
by ts
Gratulerer Geir!!
Enig med Tistlo! Bilde med rød kant var feita  :thup

Den som bare hadde hatt plass ...... nokon med ein bustadsgard til salgs ? gjerne bergen-sør ....

Sv: Geirs garasje

Posted: Thu Apr 01, 2010 11:34 pm
by StarBugs Geir
Det vart mykje lesing og testing idag for å finne ut av ladeproblema. Alternatoren er litt spesiell (iforhold til dei andre eg har vore borti) fordi regulatoren er innebygd. Trudde difor det vart dårleg med køyring i helga. VW veterandeler har regulatoren, så den kjem vel om nokre dagar.

Eg ville jo ikkje gje opp, så det skal ikkje så mykje til før eg tenkjer ombygging......Studerte den innebygde regulatoren og samanlikna den med ein alternator med ekstern. Dette må jo gå an å få til tenkte eg, og satte igang. Jonn-Stian kom med loddebolt, og til slutt fekk eg det faktisk til å funke! :thup

Ladespenninga er litt høg, men det går bra nokre dagar. Blir ikkje noko langtur uansett, og batteriet skal byttast når eg får dei nye delene.

Framgangsmåten eg valgte var å splitte regulatoren frå holdaren til børstene. Det gjekk greit. Då materialet børstene står i var svakt/sprøtt laga eg ei plate i stål som eg limte fast med epoxy-lim.  Måtte bore eit hol i dekselet for å få ut ledningen.

Slik såg det ut før ombygging:

[attachment=1]

Her er det modifisert:

[attachment=2]

[attachment=3]

Her er den "nye" regulatoren plassert:

[attachment=4]

Nokon som har ein idé til kvifor ladespenninga er for høg med 1303s regulatoren? (16-17v på batteriet)

Sv: Geirs garasje

Posted: Fri Apr 02, 2010 9:54 am
by StarBugs Geir
Det vart litt betre med nye hjul! Anders var så grei å låne meg sine medan våre blir lakka og får nye dekk. Takker! :thup

[attachment=1]

Sv: Geirs garasje

Posted: Mon Apr 05, 2010 10:08 am
by RZR Andy
SLITAN, Geir! :)

Sv: Geirs garasje

Posted: Mon Apr 05, 2010 1:21 pm
by StarBugs Geir
Takk Andy! Du har ikkje nokre overhalte forgassara te varianten liggande å slenge? ;D

Sv: Geirs garasje

Posted: Mon Apr 05, 2010 1:48 pm
by RZR Andy
Nei det er det nok dårlig med, har ikke vært så mye borti disse bilene. Originale Solex du tenker på? Hørt med Arne om han har?

Sv: Geirs garasje

Posted: Tue Apr 06, 2010 6:49 pm
by Sander
Gratulerer.....og velkommen i klubben. T2 vert aldri feil!

Sv: Geirs garasje

Posted: Wed Apr 07, 2010 5:57 pm
by StarBugs Geir
Hei igjen!

Då er påsken overstått, og den har stort sett blitt tilbragt på Breistein med joika-kaker og brun lapskaus. ;D ;D ;D

Har jobba med både Guffen og Langporschen, men dei siste dagane har den siste stått i fokus. Har fått sveisa den verste rusta under, og bilen var faktisk MYKJE betre under enn eg trudde. Noko må takast neste år, men det viktigaste er no ordna. Botnen er pussa av og smurt inn (golvet), slik at det ikkje utviklar seg noko meir i sommar.

Bilen er heva litt, og er synes den ser mykje betre ut. Den ekstreme senkinga hadde og ført til nokre småskader som no er fiksa/sveist. Låg bil er stilig, FOR låg bil er berre tull hvis du ikkje har air-rides/hydraulikk. Hengarfeste er montert, og bakfangaren er pussa ned (baksida) og smurt inn med "guffe" for å hindre meir rust.

Forgassarprosjektet:
Det store problemet oppstod med forgassarane. Eg har hatt mistanke om at desse var årsaken til "ugreiene" med motoren ifjor, og skulle difor overhale dei no i vår. Det skulle jo være kjapt gjort ;).

Det viste seg at slarken mellom akslingen til spjelda og messingforingane ikkje vart fiksa med rep.settet. Desse foringane er heller ikkje enkle å få tak i. Må bestillast frå utlandet. Om ikkje det var nok, så var det slitasje og på sjølve akslingen. Nye foringar vil difor ikkje hjelpe utan å dreie ned akslingen, noko som blir tungvint og dyrt. Her måtte det tenkast nytt, og DET er eg glad i! :thup Etter innspel frå Tom og Petter gjekk tankane i retning av o-ring.

Fekk idag dreid to hakk i kvar aksling, og satt på bensinbestandige o-ringar. Det FINNES ikkje antydning til slark. Einaste utfordringa kan bli at eg må kanskje ha ei kraftigare returfjør, men det er bagatellar. Eg kan no i tillegg ha litt smurning på utsida av o-ringane, som tettar ytterligare og smører desse. Vakumet på innsida vil trekke inn litt grease i eventuelle (usannsynlege) opningar, men o-ringen vil hindre at det kjem noko inn i innsuget. Dette er iallefall min teori. ;)

Oppdatering kjem når eg har starta opp og får teste i praksis. (Til helga)

[attachment=1]

Uansett resultat: Stor takk til Øystein Johnsen hjå Mikromekanikk for rask og god hjelp til dreiing! Tlf: 55 19 98 00 www.mikromekanikk.no

Det er sjeldan å møte slike sørvismainda folk no te dags! :)

Sv: Geirs garasje

Posted: Wed Apr 07, 2010 6:06 pm
by Tistlo
Foringar får du tak i men når akslingen er sleten nyttar ikkje det heller,, men å bruka o-ringar var ein god ide (dersom det funkar) :thup Ser fram til å høyra om detta virkar bra!

Sv: Geirs garasje

Posted: Thu Apr 08, 2010 1:54 pm
by Padden
så jo helt topp ut det der geir! nå er det bare og slenge på  en turbo!

Sv: Geirs garasje

Posted: Thu Apr 08, 2010 3:46 pm
by RZR Andy
Hehe, now we're talking business... ;D

Sv: Geirs garasje

Posted: Fri Apr 09, 2010 11:48 am
by StarBugs Geir
Padden wrote: så jo helt topp ut det der geir! nå er det bare og slenge på  en turbo!
Det er ikkje topp, det er forgassar. ;) Trudde det var kompressor me skulle satse på! ;D

Sv: Geirs garasje

Posted: Fri Apr 09, 2010 12:26 pm
by Solan
...og så må du få solgt unna noe av det treige skuuuuter-vepse-greiene, så du får penger i kassa til mer folkevogn-greier! Dette HAR vi jo snakka om, Geir!  :o

Sv: Geirs garasje

Posted: Fri Apr 09, 2010 12:48 pm
by StarBugs Geir
http://www.finn.no/finn/mc/scooter/obje ... e=21561230

Kan vurdere å bytte likt i ein splitbuss som treng litt stell. ;) (Kan eventuelt følge med ein strøken, gul 1303 med soltak/uten motor (litt overflaterust))