Hei igjen!
Då er påsken overstått, og den har stort sett blitt tilbragt på Breistein med joika-kaker og brun lapskaus.
Har jobba med både Guffen og Langporschen, men dei siste dagane har den siste stått i fokus. Har fått sveisa den verste rusta under, og bilen var faktisk MYKJE betre under enn eg trudde. Noko må takast neste år, men det viktigaste er no ordna. Botnen er pussa av og smurt inn (golvet), slik at det ikkje utviklar seg noko meir i sommar.
Bilen er heva litt, og er synes den ser mykje betre ut. Den ekstreme senkinga hadde og ført til nokre småskader som no er fiksa/sveist. Låg bil er stilig, FOR låg bil er berre tull hvis du ikkje har air-rides/hydraulikk. Hengarfeste er montert, og bakfangaren er pussa ned (baksida) og smurt inn med "guffe" for å hindre meir rust.
Forgassarprosjektet:
Det store problemet oppstod med forgassarane. Eg har hatt mistanke om at desse var årsaken til "ugreiene" med motoren ifjor, og skulle difor overhale dei no i vår. Det skulle jo være kjapt gjort

.
Det viste seg at slarken mellom akslingen til spjelda og messingforingane ikkje vart fiksa med rep.settet. Desse foringane er heller ikkje enkle å få tak i. Må bestillast frå utlandet. Om ikkje det var nok, så var det slitasje og på sjølve akslingen. Nye foringar vil difor ikkje hjelpe utan å dreie ned akslingen, noko som blir tungvint og dyrt. Her måtte det tenkast nytt, og DET er eg glad i!

Etter innspel frå Tom og Petter gjekk tankane i retning av o-ring.
Fekk idag dreid to hakk i kvar aksling, og satt på bensinbestandige o-ringar. Det FINNES ikkje antydning til slark. Einaste utfordringa kan bli at eg må kanskje ha ei kraftigare returfjør, men det er bagatellar. Eg kan no i tillegg ha litt smurning på utsida av o-ringane, som tettar ytterligare og smører desse. Vakumet på innsida vil trekke inn litt grease i eventuelle (usannsynlege) opningar, men o-ringen vil hindre at det kjem noko inn i innsuget. Dette er iallefall min teori.
Oppdatering kjem når eg har starta opp og får teste i praksis. (Til helga)
[attachment=1]
Uansett resultat: Stor takk til Øystein Johnsen hjå Mikromekanikk for rask og god hjelp til dreiing! Tlf: 55 19 98 00 www.mikromekanikk.no
Det er sjeldan å møte slike sørvismainda folk no te dags!
