Page 16 of 47

Sv: Geirs garasje

Posted: Sun Mar 28, 2010 11:26 am
by StarBugs Geir
Blir nok bytta så store deler som mogleg. Det blir enklare og meir solid. Bli jo ein heilt annan type prosjekt enn eg har vore borti før, men lærerikt og veldig interessant! Nå så mykje blir byta ut, vil jo sluttresultatet bli solid og bra. Botn skal galvaniserast på denne og. Litt modifiseringar blir det, men her er motivet komfort og holdbarheit. Dette skal bli ein daily-driver.
  • Fjerne ventilasjonsåpningane bak sidevindaugene (rustfelle)
  • Fjerne varmeboksar/kanalar. Skal erstattast med moderne bensin/diesel-varmar.
  • Flytte batteriet fram
  • Mexico-lister rundt panser og motorlokk
  • Inspeksjonsluker i innerskjermar bak
  • Støydemping
  • Porsche boltdiameter
Bindingstida på iPhonen har no gått ut, så frå no av går eg tilbake til mitt gamle mobilnr. Dei som har lagra 900 44 321 på meg kan no endre til 911 25 911. Kjem til å bruke begge, men det siste blir "hovednummer" frå no av.

Sv: Geirs garasje

Posted: Sun Mar 28, 2010 11:31 am
by RZR Andy
Har sett det langt verre...ser bare på min soltak-1303 i garasjen;)
Her er kurant delebil til prosjektet http://www.vwnorge.no/index.php/topic,22378.0.html
Bare motoren burde være verdt prisen, og så får en alle delene på kjøpet!

Sv: Geirs garasje

Posted: Mon Mar 29, 2010 3:42 pm
by Leif
Utrolig trodde denne bare egnet seg som delebil :thup
Blir det prosjektråd på den andre også?

Sv: Geirs garasje

Posted: Mon Mar 29, 2010 9:11 pm
by StarBugs Geir
Det blir løpande info om denne og ja. Held alle prosjekta mine i samme tråden, det blir det greiaste. Så får det heller bli litt hopping frå det eine til det andre......

Har hatt eit h...... idag for å heve langporschen (varianten). Framme var det greit, men bak er det verre. Trudde i det lengste eg skulle klare et utan å løyse drivakslingane, men den gang ei. Typisk at det ein trur skal være enkelt blir vanskeleg. Eg og padden kappa i banning idag..... ;D

Problemet er at det ligg plate både på innsida og utsida av bærearmen, så ein får ikkje trekt bærearmen tilbake slik som på 1303. Nokon som har tips til enkel løysing?

For å gjere det enklara til neste gong vurderer eg å setje på 1303 deler. Ser ut som det passer rett på. :thup Dårleg idé? ???

Sv: Geirs garasje

Posted: Wed Mar 31, 2010 11:58 pm
by StarBugs Geir
Då har me vore og shoppa litt igjen. Det vart litt lite å henge fingrane i, så me trengte litt meir arbeid. Nei alvorleg talt. Har lenge jakta etter "rette" T2en. DoKaen kan ikkje reknast med. Det er for langt fram i tid. Fann ein lovande sak i Haugesund. Lav km., nylakkert, fine fargar og uferdig. Heilt perfekt! Fekk kontakt og bilen vart henta igår. Litt av ein tur! ;D

Eg og madammen på bussen til Haugesund. Tok med verktøy, batteri, startkablar og diverse "naudhjelpsutstyr". På vegen ned byrja det å snø. Ikkje litt heller......

Bilen såg bra ut den, og gjekk som ei klokke. Bytta bilen mot pengar, skifta olje og la på tur. Varme var det ikkje. Blankslitne og morkne dekk er vel heller ikkje ideelt på slaps, men det gjekk fint! Kom stivfrosne til ferjo, og fekk varmen. Kom oss velberga heim til tross for manglande sikkerheitsbelte, bremselys og blinklys. Vossingar er jo glad i ekstremsport! ;D

Idag vart bilen sjekka grundig under, og den er utruleg solid/bra! Litt smårusk i lakken, som sjølvsagt skal fiksast. Moderat senking må til og sjølvsagt innreiing og diverse snacks. No blir det fyrst å få den eu-godkjent og registrert. Har litt trøbbel med ladinga som skal fiksast fyrst av alt, og så forsvinn filmen på vindaugene. :)

Slik ser Guffen ut no (oppkalla etter Guffen, eller Gus Goose. Snill og solid, men litt doven.):

[attachment=1]

Her er Gus Goose, eller Guffen. Kommentarar om moglege likheitstrekk mellom meg og denne karen vil bli møtt med absolutt tystnad. ;)

[attachment=2]

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
Guffen, Orig. Gus Goose
Personalia: Fullt navn: Guffen Gås
Status: Singel (har vært forelsket i Dolly Duck, noe som gjorde Donald Duck veldig sjalu.)
Nasjonalitet: Amerikansk


Guffen Gås er gårdsarbeider hos Bestemor Duck i Disney-tegneseriene. Han opptrådte for første gang i en avisstripe fra 1938, laget av Bob Karp og Al Taliaferro. Slekninger det kjennes til er faren (Gunnar Gås) og moren (Casi Kvakk).

I avisstripene dukket han dessuten ganske tidlig opp hos Donald Duck med en lapp der det sto: "Kjære Donald, din fetter Guffen kommer og bor hos deg en stund. Hilsen Bestemor Duck. PS: Se til at han spiser ordentlig.” Akkurat å spise klarte han ganske bra. Han spiste så godt som all mat Donald hadde i huset, og stjal i tillegg tåteflasker fra babyer og bananer fra aper i dyrehagen.

Guffen er ikke akkurat noen arbeidskar i full blomst. Flere ganger har han blitt kåret til å være Andebys lateste person, og ikke rent sjeldent pleier han å sovne eller snike seg unna fra arbeidet som skal utføres. Har derimot Bestemor laget kake, stiller situasjonen seg ganske annerledes.

I en VG-avstemning over hvilke Disneyfigurer leserne likte best å lese om, kom Guffen på en god fjerdeplass.

Sv: Geirs garasje

Posted: Thu Apr 01, 2010 1:06 am
by hans
ikke dum den der . gratulerer :) 

Sv: Geirs garasje

Posted: Thu Apr 01, 2010 1:25 am
by StarBugs Geir
Thanks! :)

Sv: Geirs garasje

Posted: Thu Apr 01, 2010 3:23 am
by Solan
Gratulerer, Geir!  :thup  :thup  :thup

Sv: Geirs garasje

Posted: Thu Apr 01, 2010 7:51 am
by StarBugs Geir
Takker! Stikk oppom sauefjøset i helga om du er "på jobb" og eg får fiksa ladinga. :) :thup

Slik er den no:

[attachment=1]

Noko slikt blir det vel tenkjer eg:

[attachment=4]

[attachment=2]

[attachment=3]

Sv: Geirs garasje

Posted: Thu Apr 01, 2010 11:02 am
by larst
Grattis mann....

Sv: Geirs garasje

Posted: Thu Apr 01, 2010 11:08 am
by Tistlo
Grattulerar! Bay er alltid ein go ide! :) Det photosjåpp bildet med senk og hjul med raud kant, såg veldig gromt ut!
:)

Sv: Geirs garasje

Posted: Thu Apr 01, 2010 11:39 am
by T-1
:o grattis mister. ikke feil med bay.  :thup

Sv: Geirs garasje

Posted: Thu Apr 01, 2010 11:50 am
by amubus
-Slitan..... ;D

Sv: Geirs garasje

Posted: Thu Apr 01, 2010 12:17 pm
by StarBugs Geir
Takk skal de ha! No slit eg med å finne ut av ladinga. Det er bra spenning på dynamoen, og finn ikkje noko feil på veg til batteriet eller med jording. Likevel lyser ladelampen. Skal måle spenninga på batteriet no. Studerer inngåande ladeproblematikk i bøker og på VWnorge! Er jo litt spenning med det! ;D

Dette står på dynamoen:
Bosch 0120489565
566 K1 14V 55A 22
043903023C

Etter som eg kan sjå i bøker og på nett, så er dette ein vekselstraumsdynamo med innebygd regulator. Finn ingen i bøker eller på VWnorge som er HEILT lik. Så det er mogleg det er feil.

Fant ut at eine ledningen (ikkje til ladelampen) har vore i klem i festet til dynamoen. Dette har truleg vore årsaken til problema, og her kan det ha vore ein periodisk kortslutning eller i beste fall eit ledningsbrot. Veit ikkje kva dette kan skade. Kanskje regulatoren er gåen?

Sv: Geirs garasje

Posted: Thu Apr 01, 2010 3:58 pm
by jayster
Utrolig kult gratis :thup