Har hatt denne som 'prosjekt', men no er dagen komen då eg har innsett galskpen.
Så om det er feil plass, så kan moderator flytta tråden til O.T Kjøp & Salg...
Etter over 30 år i mitt eige, må eg bite i eplet og motvillig kvitta meg med denne flotte bilen.
Fargo er eit Chrysler produkt, med utspring i Detroit, men blei montert saman fleire andre stader. Dei fleste komponentane er felles med Dodge og Plymouth frå samme periode. Stort sett er det grill og radiatorkappe som skiller dei, utanom logoen.
Denne skal være 1. årgang med Fargo som blei montert ved «Den Norske Automobilfabrikk» på Kambo. 1937-1940 blei det satt saman 433 Fargoer her.
Etter rammenummeroversikten, så skal det ha blitt produsert 1327 1,5t lastebilar i 1938 på verdensbasis.
Litt om fabrikken:
http://www.moss-avis.no/kultur/kambo-va ... -1.3970545
https://ostfoldmuseene.no/kambo-norges-detroit/
Midt på sida her er min bil, fotografert tidleg på 50-talet:
http://www.ekeland-transport.no/Historie.htm
og litt meir frå nettet:
http://www.allpar.com/old/fargo.html
http://www.hcvc.com.au/forum/restore/15 ... -cwt-dodge
Her er ein som lager karosserideler med flott passform:
http://www.37plyguy.com/
Denne hytta ser heilt lik ut som mi.
Min bil har gått i Hardanger frå den var ny. Har fått kopi av det originale registreringskortet.
Bilen blei kjøpt som rullande objekt 16.05.86, tatt inn i hus og gradvis demonert dei neste 5 åra.
Motorblokka var frostsprengt, og det viste seg etter utallige forsøk, umulig å sveise. Då stoppa prosjektet opp.
Har no fått tak i tilsvarande motor, som skal kunne gå an å bygge opp igjen.
Bilen har tipp, driven av motoren. Kraftuttak på sida av gearkassen driver ein vinsj under hytta, som drar ein dobbel hjulgong under planet bakover, og presser opp planet. Snedig konstruksjon.
Etter det eg har funne ut, var dette den første lastebilen med motordriven tipp i Hardanger.
Motoren er ein sideventiler rekkeseksar på 248cuin, som er pålag 4,1liter og 90 hk.
Den er ikkje lik personbilane og kvartingane, men ca 8 cm lengre. Slag og boring, ventilar, fordelar, oljepumpe etc skal være samme.
I dag er bilen så godt som heilt nedplukka, og er for så vidt klar for sandblåsing.
På pluss sida vil eg framheva:
- Ny i Norge
- Kjent historikk
- Avskilta i 1966
- Nesten heilt komplett
- Svært lite rust
- Sofa er heil i trekket
- Åpningsbar frontrute med topphengsel
- Tipp
- Alle hjul roterer
- Instrumentene er i Km og heile
- Lette slitedeler å få tak i
- Repro rustskadedelar på ebay
- Ingen kollisjonsskadar
- Kun mindre bulkar, som fortel historia
- Har motor som kan bygges opp/overhalast
Så er det jo litt på jobbesida:
- Trenger nye sjaklar til fjørene
- Ei bladfjør framme er knekt
- Bremsar må overhalast 100%
- Motor må overhalast 100%
- Feil radiator (var montert Ford V8)
- Mangler panserfigur
- Treng nye ruter
- Treng nye reflektorar/lykteglas
- Rust i nedkant på hytta og dørene
- Rust i takrenna
- Trenger ny ‘karosseripapp’ inni (dør og taktrekk)
- Trenger ny plan, har alle beslaga
Når eg no vil selje denne flotte bilen, er det ikkje lett.
Eg er opptatt av at den får formidla ein historie, og ville aller helst sett den meir reparert en restaurert. Eg vil ikkje sjå at den ender opp som ein ihelkappa hotrod/ratrod.
Forbeholder meg derfor retten til å trekke salget, eller selge til den eg vil. Ikkje nødvendigvis høgaste bodet………
Etter mi vurdering, er dette eit overkommeleg prosjekt, både arbeidsmessig og økonomisk, og dessutan ypperleg til å transportera bobler & bussar med

Eg kan vera behjelpeleg med å skaffe transport til hyggeleg pris.