VW-interessa byrjar å gjere litt nytte for seg! Var på låvebesøk hos ei ung jente som hadde arva seg ein 69-modell 1300 i kveld. Så vidt eg kunne bedømme var bilen rustfri under - men hadde den typiske rusten inne i golv på førarside. Men den var knusktørr no. Innerskjermar, under, kanalar - dønn solide. Til og med hjulbrønn var "solid metal". Bilen hadde litt ekstrautstyr, som bensinvarmar, langt hengarfeste, motorvarmar, takgrind, skiholdarar, original bambushylle. I tillegg har det vore setetrekk på setene frå dei var nye - vi snakkar DØNN strøkent interiør og taktrekk. Eg blei heilt våt i auga.. Men som den ok fyren eg prøvar å vere, så gav eg ho ikkje eit skambud.
![Rekke tunge :P](./images/smilies/tongue.gif)
Eg sa heller at eg kunne vere behjelpelig med å gjere bilen køyrbar - eller klar for salg.
Morken bakrutepakning, morken pakning under venstre baklykt. Og litt overflaterust på heile bilen - også kjent som patina. Liten bulk i bakplate - har nok rygga på eit hengardrag ein gang for 20-30-40 år sidan.
Motoren gjekk lett rundt med håndmakt, hjula tørna på alle fire.. Er det mulig..
![Thumbs up :thup](./images/smilies/thumbsup.gif)
Hadde då aldri trudd eg skulle kjøpe late-looker..