Ein raud 1303 cabriolet har alltid vore draumen, og helst ein Karmann. Helst skulle bilen være original, både felgar, seter, lakk og motor. Mange fine bilar var å sjå, men fann aldri den rette. Leita i Norge og Tskland, men vart advart mot tyske bilar som ofte var i dårleg stand.
Så ein dag rett før påske i 2005 kom BILEN på finn.

[img][img]Etter 15 år i bobble (først ein 1300 frå 18 årsdagen, så ein 1200, deretter 1303S og 8 mil dagleg pendling i mange år og til slutt ein 1302 LS som var eit mareritt) og nokre år pause starta eg for 5 år sidan igjen jakta på "bilen".
Ein raud 1303 cabriolet har alltid vore draumen, og helst ein Karmann. Helst skulle bilen være original, både felgar, seter, lakk og motor. Mange fine bilar var å sjå, men fann aldri den rette. Leita i Norge og Tskland, men vart advart mot tyske bilar som ofte var i dårleg stand.
Så ein dag rett før påske i 2005 kom BILEN på finn. Ein original 1303 Karmann stod i Haugesund. Prisen var stiv, men etter litt att og fram kom vi fram til pris. Eg måtte bestemme meg fort, og konsentrerte meg om referanse på selgar i staden for bil. Ein kompis i Haugesund sjekka opp, og det meste verka OK. Nokre dagar etter tok eg turen for å hente, forberedt på å snu med uforetta sak.
Med ein gang eg sette meg i bilen visste eg likevel at dette var bilen, og det var strake vegen til Florø. Turen gjekk utan problem. Denne bilen var importert til Norge ca 95, og gjekk lenge i Oslo og Drøbak før den havna på rett side av langfjella. Etter sertikatet frå Wolfsburg vart bilen llevert kvit, men den var omlakkert til Tornado red i -85. Denne lakken er framleis svært bra, og rust klarer eg ikkje finne.
På slutten av sommaren 05 rauk ein eksosventil, og de vart ein del prøving og feiling på tenningssida før eg fann ut av problemet. Motoren ut, og skifte. Samstundes vart ein del andre ting gjort, både kosmetisk og slitedelar. Sidan er bilen brukt gjennom sommaren i fint vær, og siste langtur (og første til VWACB) var til utstillinga på Sartor no i haust. På turen nedover hadde eg ein Maserati bak meg ein halvtimes tid, så det er ingenting i veien med futten.
Om nokon har ei god adresse for eit godt teppesett til bilen er eg glad for det. Teppa som no sit i har ikkje heilt passforma, og lurer på om filt er eit alternativ. Råd?