Då er Raders montert framme, og eg ventar berre på PM frå Jøran. Når spacers er på plass, blir spygrøne originalfelgar utbytta der óg.
Dekkmannen min heiv av 8 dekk, slengte på 4, monterte dekksider, avballanserte og monterte 2 (3, før vi oppdaga at DETTE gjekk jo ikkje..) for den nette sum av 500,- Ikkje så avskrekkande det, i grunn.. Har betalt meir før for suspekte arbeidsoppgåver, for å seie det slik!
Treng nok ein halvmeter senk eller ein halvmeter meir gummi før eg fyller hjulhus, gitt.

Hadde då aldri trudd eg skulle kjøpe late-looker..