Ringte eigar, snakka med han i 10 minuttar - ba om tenkepause - tenkte i 5 minuttar - bestemte meg - og ringte fyren igjen. "Eg tar bilen - bestiller flybillett no!" "OK", var svaret. Bestilte billett, reiste på flyplassen (det var snakk om 1 time og 15 min før avgang når eg bestemte meg.. Skynda på, skynda på!) Han ringte sjølvsagt når eg hadde sjekka inn - fleire hadde meldt si interesse, prisen skulle opp. Eg sa ikkje faen, for ein avtale er ein avtale. Heldigvis godtok han dette.. Puh!

Kom til Gardermoen klokka ti på tolv i dag, hoppa på flytoget til Oslo S, venta 11 minuttar før toget til Stokke skulle gå, gjekk direkte ombord i ein taxi i Stokke sentrum og sto på Gjennestad halv tre. Kjapt levert! Sjekka over bilen - som eg SKULLE ha. Var fornøgd med det eg såg (bedre bilder kjem i morgon..), på tross av at den ser ut som ein kreativ eksplosjon i ein barnehage.. Men den er 99% rustfri! Litt bulkar her og der, men elles tipp topp og ship shape!
15.000,- for ein early-bay er ikkje ille, trur eg. Fekk med ei heil skoeske med papir om kva som var gjort med bilen - EU ok 8.april 2008.
Artig med Bay!
Planane for denne kjem etter kvart..
