Ja, dette er verkeleg å anbefale! Ikkje tvil om at turen får "ein ekstra dimensjon" i ein slik bil. Vegen frå Geilo til Uvdal (Nummedalen) er derimot IKKJE å anbefale. Det er noko av det verste eg har køyrd på. Telehiv, og masse sår/skadar i asfalten. Hardangervidda er heller ingen "højdare" i låg bil. Beste vegen (kvalitet) er utan tvil:
Oslo - Gol - Hemsedal - Lærdal - Voss - Bergen
Turen gjekk utan noko som helst problem. Bytte olje før me køyrde, og har nye pluggar og pluggkablar. Sjekka rotor/fordelarlokk. Tok litt "finjustering" av tenning og gassarane før me køyrde. Det hjalp på forbruket, og den går litt finare. Om det er rett har eg ikkje idé om.....men så lenge det funkar er eg nøgd. Har sjølvsagt med eindel utstyr som KAN bli nødvendig:
- Verktøysett
- Slepetau
- Startkablar
- Startgass
- Verktøykasse på boks
- Div. deler (børster, slangeklemmer, pluggar, hjullager + to rullar mcgyver-tape

)
- Reservehjul m. dekk som går på bilen (litt viktig i mitt tilfelle, lite vits med reservehjul eg ikkje kan køyre med)
- Liten brannslukkar (Denne gløymde eg, men den skulle vore med

)
Det er sjølsagt og greit å kunne skru litt OM ein skulle få noko problem. Men det er jo sjølvsagt avhengig av standen på motor/køyretøy ein skal reise med.
Var dessverre ikkje flink å ta bilete, men eit frå 17. mai på gol vart det!
[attachment=1]
God tur til andre som vil prøve! Når me kom heim ville me kruse meir.......så det vart bilvask og ein runde i sentrum
. På an igjen idag..........må jo nyte godværet!
Til sommaren skal eg og Tanya på langtur med Guffen!
NB: For dei som er misnøgde med vegane på vestlandet og i Bergen sentrum så har eg ei (dårleg) trøyst. Det er lika gale på austlandet...........