StarBugs-garasjen

Legg inn bilder og info om bilen din eller prosjektet ditt.

Moderator: Global moderator

User avatar
StarBugs Geir
Ultramedlem
Ultramedlem
Posts: 3150
Joined: Sat Aug 30, 2008 9:21 am
Location: Nordhordland

Sv: Geirs garasje

Post by StarBugs Geir »

Fredag byrja ladelampen på Langporschen å lyse :-\. Sjekka "vifte"reima, og stramma den. Trudde kanskje det var den som slura eller var gåen, for eg viste den var slakk. Men fekk ingen ladespenning. Sjekka då børstene, og spesielt den eine var frykteleg dårleg.

Fann ein NESTEN like dårleg på ein delemotor, og fekk det til å funke. Eil lita stund........ På den store dagen til Magnus lyste lampen igjen, men kom oss til Fyllingsdalen og køyrde til sauefjøset for å sjekke børstene på ein delemotor Fasty har der. Dei var like dårlege. Tommy meinte han hadde bra børster på ein delemotor, og det var jaggu rett! Som nye! No er alt berre glede igjen. Vart tur til Os og cruising + kino i Bergen etterpå. Såg En ganske snill mann, vannvittig bra! Anbefales ;D

Har fått av filmen på rutene i Guffen. Det var mykje jobb, men eg er glad det er gjort. Bilete kjem seinare. Fjerna noko av limrestane med tynnar, men då eg vart i litt for godt humør gav eg meg.... ;) Tok turen til lakkspesialisten etter at "rusen" gav seg, og fekk sitrusrens.

Ny frontrute er bestilt frå Hurtigruta i Kanalveien v/Hilmar. 800kr. Det må jo være ein knallgod pris! :) Han kunne halde denne prisen om fleire ville ha. Tilbud frå Hurtigruta på dei mest aktuelle rutene til oss kjem som eigen rabattavtale seinare.

Nok ein gong: Takk Tommy for hjelp og deler!!! :thup
Last edited by Anonymous on Sun Apr 25, 2010 2:21 pm, edited 1 time in total.
1974 1303S
2018 Husqvarna Vitpilen 701
User avatar
StarBugs Geir
Ultramedlem
Ultramedlem
Posts: 3150
Joined: Sat Aug 30, 2008 9:21 am
Location: Nordhordland

Sv: Geirs garasje

Post by StarBugs Geir »

Ladeproblema med Langporschen gjer seg ikkje. Idag lyste det igjen......og dynamoen "et opp" børstene. Har no lært meg to ting:

1. Då er dynamoen definitivt gåen :'(
2. T3 dynamoar veks ikkje på tre :-\

Kjøpte ein delemotor (T1) av klubben som hadde ein tilsynelatande OK dynamo. Plukka frå kvarandre denne, pussa han og brukte nokre deler frå gamle dynamoen. Fekk han tilpassa til T3 på eit vis. Akslingen går jo ut i bakenden, men det drit eg i. Berre eg er oppmerksam på det, så skal det gå bra. Lagar eit deksel slik at eg kan bruke T1 dynamo og i framtida. Det er jo lett å oppdrive. Fekk låne børster av Raymond eit par dagar (Takk! :angel:), og nye er bestilt frå Unneberg.

No er det fart i sakene igjen. For 4 eller 5 gong dei siste dagane ;D.

Guffen har no fått lakka dekselet over luftinntaket framme, og eg har montert oransje pærer og kvite blinklysglas. Ser mykje betre ut. Ventar på festeklips til den nye VW logoen eg har liggande (krom). Støtfangarane er i rest hjå Unneberg, men reknar med eg får dei denne veka. Då blir det lakkering av dei og felgane (kvite).

Det blir stilig med raude ringar på dekka syns eg! (Berre festa med tape) Gledar meg til eg får senka han litt og. Det hjalp godt å få av filmen på rutene! :)
Attachments
guffen1.JPG
guffen1.JPG (68.65 KiB) Viewed 1743 times
guffen2.JPG
guffen2.JPG (60.7 KiB) Viewed 1725 times
1974 1303S
2018 Husqvarna Vitpilen 701
User avatar
larst
Supermedlem
Supermedlem
Posts: 535
Joined: Sun Sep 07, 2008 7:06 pm
Location: titlestad

Sv: Geirs garasje

Post by larst »

Fett!!! Gi meg info om de røde ringene, det har jeg drømt om på min og.....
født på en fredag, i tide til helgen!!
User avatar
StarBugs Geir
Ultramedlem
Ultramedlem
Posts: 3150
Joined: Sat Aug 30, 2008 9:21 am
Location: Nordhordland

Sv: Geirs garasje

Post by StarBugs Geir »

Dei raude ringane kjem frå Unneberg, og dei finns i dei fleste dimensjonar. Eg er blitt STERKT fraråda å bruke dei, slik at det er sagt. Det legg seg drit mellom desse og dekket, og det kan gnage på dekksidene. Eg vil uansett prøve..........er ikkje så flink til å følge gode råd :-\.

Kan jo legge ein runde med tech7 eller liknande i ytterkant for å hindre at drit kjem inn. Men det blir neppe noko holdbart. Dekk med raud ring er svindyre :o.
1974 1303S
2018 Husqvarna Vitpilen 701
User avatar
StarBugs Geir
Ultramedlem
Ultramedlem
Posts: 3150
Joined: Sat Aug 30, 2008 9:21 am
Location: Nordhordland

Sv: Geirs garasje

Post by StarBugs Geir »

Her er meir info om dynamotilpassinga for dei som er interessert:

T3 dynamoen er relativt lik T1, men har "kappa" eller kortare aksling (skal ikkje drive vifta), og roterer motsatt veg. Det er mogleg å vende T1 dynamoen, men det er ikkje å anbefale sidan det blir ei feilbelastning av børstefestene som kan ryke. Eg valgte difor å ha T1 dynamoen montert slik den var bygd for, det einaste som må passast på er at den er vridd slik at annleggsflata mot dynamofoten blir optimal. Er den vridd litt feil, blir den dradd ut av lage, fordi foten "treff" dårleg.

[attachment=1]

Eit anna problem var at fjørene som var på T1 dynamoen var svake og gamle. Dei såg bra ut på den gamle, så dei vart flytta over. Desse er ifølge Unneberg ikkje å få kjøpt, så ikkje kast gode slike! Akslingen som stikk ut i bakkant er sjølvsagt ikkje gunstig, men det skal lagast ein "kopp" som beskyttar denne. Den er kun eit problem om noko kjem borti, så med ordnung :police: i motorrommet skal det ikkje bli noko tull.

[attachment=2]

Til slutt var det berre å stripse alt slik at ikkje noko kjem i berøring med den utstikkande akslingen. Gummien mellom dynamo og blikk måtte snuast sidan den ikkje passa "rett veg" lenger. Eit kritisk punkt er jording. Anleggsflata mellom dynamo og dynamofot MÅ være heilt reint. Eg pussa dynamoen med stålbørste, og pussa av dynamofoten. Etterpå vaska eg med raudsprit for å være sikker på at alt feitt var vekke. No ladar den perfekt! :thup

[attachment=3]
Attachments
D1pil.JPG
D1pil.JPG (33.56 KiB) Viewed 1667 times
D2pil.JPG
D2pil.JPG (33.05 KiB) Viewed 1642 times
D3.jpg
D3.jpg (42.79 KiB) Viewed 1693 times
Last edited by Anonymous on Mon Apr 26, 2010 6:00 pm, edited 1 time in total.
1974 1303S
2018 Husqvarna Vitpilen 701
User avatar
Solan
Styret
Styret
Posts: 5238
Joined: Mon Sep 03, 2007 1:08 pm
Location: Fan'a...

Sv: Geirs garasje

Post by Solan »

Bra mekka og skikkelige tusenkunstner-fakter ala Rolf her! Kred!  :thup

Og Guffen kommer seg som bare det! Både ventilasjonsgrillen og blinkersa blei mye bedre nå! Men jeg liker mye bedre den felgfargen du har enn hvite, men det er nå bare min mening...

Røde striper på dekka? De maler du bare på selv med 12-årsgarantert husmaling når hjulet snurrer, billig og bra!
Last edited by Solan on Tue Apr 27, 2010 12:06 am, edited 1 time in total.
'65 Typ 221 Mikrobuss "Bløygen"
'52 Typ 11c Boble "Magnolia"

"Don't make a fuss, just get on the bus ..." -- Frank Zappa
"Two things are infinite: The universe and human stupidity; and I'm not sure about the universe." -- Albert Einstein
User avatar
StarBugs Geir
Ultramedlem
Ultramedlem
Posts: 3150
Joined: Sat Aug 30, 2008 9:21 am
Location: Nordhordland

Sv: Geirs garasje

Post by StarBugs Geir »

Er litt usikker på felgfarge og kapslar sjølv. Kjem nok til å testlakke ein svart (med kromring), og ein kvit før eg bestemmer meg. Eller leike litt med dataen. Kunne og tenkt meg baby-moon kapslar som på Varianten, skal prøve dei og.
1974 1303S
2018 Husqvarna Vitpilen 701
User avatar
RZR Arve
Seniormedlem
Seniormedlem
Posts: 369
Joined: Fri Dec 21, 2007 7:55 pm
Location: Bergen

Sv: Geirs garasje

Post by RZR Arve »

Åsane start og dynamo fikser det meste av dynamoer, du kan jo høre med han om han kan se på T3'en din. Tror det skal være ganske så gale før han må gi ting opp... Han er ikke spesielt dyr heller, så lenge du har tid til å høre på røverhistorier får du det for en billig penge!  ;D
1967 T2 Panel
1967 Karmann ghia
User avatar
RZR-Jånni
Moderatorer
Moderatorer
Posts: 634
Joined: Sun Sep 02, 2007 4:48 pm
Location: Lier (Litt Bergen)
Contact:

Sv: Geirs garasje

Post by RZR-Jånni »

Han er helt sjef han i Åsane ja! Fikset dynamoen til gravemaskinen vår, enda vi fikk dødsdom over den da vi kom med den. Ellers så har du Mathopen start og dynamo, gjorde bra jobb han og.
Regenstadt Zombie Racewerks
67 Sika
74 1303S Big
77 Doka
84 Transporter
User avatar
StarBugs Geir
Ultramedlem
Ultramedlem
Posts: 3150
Joined: Sat Aug 30, 2008 9:21 am
Location: Nordhordland

Sv: Geirs garasje

Post by StarBugs Geir »

Takk for gode råd!

Det som er problemet er at "ankeret" er gåent. Dette er visst nok mogleg å dreie opp/reparere, men det er svært kostbart og dermed lite brukt hvis ikkje det er HEIILT unike/uerstattelege greier.

Skal kontakte Åsane start og dynamo og høyre kva han seier. Tilbakemelding kjem så snart eg får svar! ;)

Når det gjelde fjørene til børstene er dei ikkje mogleg å få nye, men det er ikkje vanskeleg å lage ein patent som løyser dette. Det er ankeret som er utfordringa. :-\
1974 1303S
2018 Husqvarna Vitpilen 701
User avatar
heljo
Seniormedlem
Seniormedlem
Posts: 498
Joined: Sun Sep 09, 2007 6:09 pm
Location: Lavik i sogn

Sv: Geirs garasje

Post by heljo »

Viss børstane blir utslitt med ein gong, er det vel sleperingane som er utslitte? Dei kan jo skiftast, men er vel ein dyr operasjon. kosta meg 1000 kr for 10 år sidan..
User avatar
Tistlo
Ultramedlem
Ultramedlem
Posts: 4986
Joined: Mon Jun 23, 2008 3:21 pm
Location: Bulken, Voss, Hordaland

Sv: Geirs garasje

Post by Tistlo »

Kva er ankeret for noko då?

Det er lurt å dreia ned, slipa kontaktflata til børstane, altso der dei treff på dynamoen, det kopargreiene,
TLF: 97419035
User avatar
StarBugs Geir
Ultramedlem
Ultramedlem
Posts: 3150
Joined: Sat Aug 30, 2008 9:21 am
Location: Nordhordland

Sv: Geirs garasje

Post by StarBugs Geir »

Dei kalla anleggsflata for børstene ankeret. Har ikkje peiling.......i Haynes-boka kallas det armature. Det er vel heile "innsatsen". Har ikkje demontert, men skal det for moro skyld. Var innom Åsane start og dynamo idag. Dynamoen vart dømt nord og ned der og. Fekk ikkje tak i deler, og lot seg ikkje dreie/reparere.

Kjøpte billig ein brukt T1 dynamo av han som såg veldig bra ut. Skal ha den i reservere. Han sa eg berre kunne kappe akslingen om det var noko problem at den stakk ut på T3.
Last edited by Anonymous on Wed Apr 28, 2010 6:35 pm, edited 1 time in total.
1974 1303S
2018 Husqvarna Vitpilen 701
User avatar
heljo
Seniormedlem
Seniormedlem
Posts: 498
Joined: Sun Sep 09, 2007 6:09 pm
Location: Lavik i sogn

Sv: Geirs garasje

Post by heljo »

eg trudde eg lærte på skulen at ankeret er den tjukke delen på akslingen, som roterar inne i viklingane. Men, eg kan ta feil, uansett er det den delen alle tenker på som er utslitt, uansett kv den heiter.  ::)
User avatar
Moshe
Global moderator
Global moderator
Posts: 3322
Joined: Tue Aug 28, 2007 4:14 pm
Location: Ulset, Bergen
Contact:

Sv: Geirs garasje

Post by Moshe »

heljo wrote: eg trudde eg lærte på skulen at ankeret er den tjukke delen på akslingen, som roterar inne i viklingane. Men, eg kan ta feil, uansett er det den delen alle tenker på som er utslitt, uansett kv den heiter.  ::)
Ankeret er teknisk sett spolen og/eller det spolen er spolet rundt (den tjukke delen)... Det børstene ligger inntil kalles for Kollektoren eller Kommutatoren.
Men i dagligtalen blir hele greia med Spolen, Kollektoren/Kommutatoren og akslingene kalt ankeret. Den roterer inne i et varierende magnetfelt, derav elektromagnetisk felt og ikke faste magneter rundt ankeret. Grunnen til varierende magnetfelt er at den må kunne yte forskjellig alt etter belastning og hastighet. Til dette brukes regulatoren som har et slags rele som føler på dette og som da styrer hvor mye strøm som skal gå til den ytre viklingen/elektromagneten.

I en elektromotor er prinsippet mye det samme, bare omvendt på en måte, men der er ofte den ytre elektromagneten erstattet av faste magneter og et fast magnetfelt...

Mvh Lektor Tørdal... :P
75 VW1303 Boble *8/8-2022
84 VW Golf Cab. *8/7-2019
96 VW1600i Boble *11/10-2017
77 VW2000 Camper *25/1-2015
59 VW1200 Boble *8/10-2014
72 VW1600 Pick Up *20/9-2013
70 VW1200 Fridolin *5/12-2012
61 VW1200 Boble *27/5-2007

69 Boble *2020-2021
64 Notchback *2008-2017
74 Boble Cab *2006-2015
68 Notchback *2008-2009
67 Notchback *2004-2005
66 Boble *2003-2005
Post Reply