
Fann ein NESTEN like dårleg på ein delemotor, og fekk det til å funke. Eil lita stund........ På den store dagen til Magnus lyste lampen igjen, men kom oss til Fyllingsdalen og køyrde til sauefjøset for å sjekke børstene på ein delemotor Fasty har der. Dei var like dårlege. Tommy meinte han hadde bra børster på ein delemotor, og det var jaggu rett! Som nye! No er alt berre glede igjen. Vart tur til Os og cruising + kino i Bergen etterpå. Såg En ganske snill mann, vannvittig bra! Anbefales

Har fått av filmen på rutene i Guffen. Det var mykje jobb, men eg er glad det er gjort. Bilete kjem seinare. Fjerna noko av limrestane med tynnar, men då eg vart i litt for godt humør gav eg meg....

Ny frontrute er bestilt frå Hurtigruta i Kanalveien v/Hilmar. 800kr. Det må jo være ein knallgod pris!

Nok ein gong: Takk Tommy for hjelp og deler!!!
